Kjerfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°26′48″N 16°11′23″E Kjerfjorden er ein fjordarm på vestsida av TjeldsundetTjeldøya i Tjeldsund kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 5 km austover.

Fjorden har innløp mellom grenda Kjerstad og Breidstrandneset. Like innanfor ligg Kjerfjordstraumen og her kryssar fylkesveg 711 fjorden. Innanfor brua er det ingen busetnadar langs fjorden. Fjordsidene er høge og bratte, særleg på nordsida der dei stig bratt opp til over 500 meter.