Kjerring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjerringa med lykta av Nikolai Astrup.

Ei kjerring, av norrønt kerling, er ei gift kone eller ei gammal kvinne av det breie lag av folket. Ordet seier noko om kjønn, samfunnslagslag og alder eller ektesapeleg status; for somme kan det ha ein negativ biklang eller bli oppfatta direkte nedsetjande.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Lat det vera Kjerring elder Kall; den klokaste styrer best.

Communauté silhouette modif.jpg

Og Herren Gud bygde ei kvinna av det sidebeinet han tok av mannen, og leidde henne fram til honom. Då sagde mannen: «Dette er då bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kjerring; for ho er teki av ein kar.»

Communauté silhouette modif.jpg
Ordspelet «isj» (mann) - «isjsja» (kvinne) vart tidl. omsett «kar» - «kjerring» på nynorsk, «mann» - «manninne» på riksmål.

Det norrøne ordet kerling er avleia av norrønt karl, som vi i moderne norsk finn att i orda 'kar' og 'kall'.

Ulik bruk av ordet «kjerring»[endre | endre wikiteksten]

På bygdene i Noreg har ordet helst vore bruka om kvinner av folket – borgarfruer og embetsmannsfruer er kalla damer. Såkalla «fint folk» vil derfor oppfatte ordet kjerring som nedsetjande, og ordet har i mange kretsar ein negativ biklang.

Ein finn døme på ein nøytral eller positiv bruk av ordet i omgrep som «kjerringemne», ei ein gjerne kan gifta seg med, og «gardkjerring», ei kone som har sin eigen gard eller er gift med gardbrukaren. Meir negativt lada omgrep er «skravlekjerring» og «sladrekjerring», om kvinner som ikkje har anna å gjera enn å snakka om andre.

Vi jenter er noen ekte kjerringer. Og jo eldre du blir, desto mer kjerring blir du.

«Kåte menn og troll til kjerringer» i ABC Nyheter, 2008
Communauté silhouette modif.jpg
Døme på negativt lada bruk av ordet «kjerring»

I nokre samanhengar er ordet «kjerring» eit skjellsord som kan brukast om ei kvinne som oppfører seg svært dårleg mot andre, på same måte som «hurpe» eller engelsk «bitch».

Ein kan også fornærma ein mann ved å kalla han «kjerring», men skulder han då for vere umandig.

Kjerringar i tru og dikting[endre | endre wikiteksten]

Kjerringa ved peisen av Theodor Kittelsen, ei typisk trollkjerring.

Ein finn ordet «kjerring» mykje brukt i faste omgrep og innsamla tekstar frå norsk munnleg litteratur, som ordtak, songar og eventyr, noko som speglar den utbreidde, nøytrale bruken av ordet i tidlegare tider. Her kan «kjerring» visa til ei kva som helst kone, som ei mor eller kone, «Kjerringa med staven», eller noko som kom uventa «som julekvelden på kjerringa». I skjemteeventyr treffer ein gjerne vriene og vanskelege kjerringar, som «Kjerringa mot strømmen» eller «Dumme menn og troll til kjerringar». I undereventyr er det vanleg at ein helt treffer stygge og gamle koner som blir gode hjelparar om han gjev dei respekt.

Ein annan rolle for kjerringa i folkekulturen er trollkjerringa. Fleire europeiske kulturar har tradisjonar der gamle kjerringar kan ha magiske evner. Av skikkelsar som gjerne tek kjerring-form finn ein mellom anna dei tre greske skjebnegudinnene, særleg ei av dei, Atropos, og keltiske gudinner som Badb, Cailleach og Morrígan.

I engelskspråkleg kultur har idéen om kjerringskikkelsen (hag eller crone på engelsk) ført til førestillingar både om ein eigen type skremmande vesen som har form som ei grotesk gammal kone. Dette har gjort at ein finn eigne, ikkje-menneskelege vesen kalla «Hag» i fantastisk litteratur og rollespel som Dungeons & Dragons. Innan nyheidenske retningar som wicca eller nydruidisme har ein derimot ført vidare den mektige sida ved kjerring-førestillinga. Her er «Crone» den tredje forma av trippelgudinna, det tredje stadiet i eit kvinneliv, etter overgangsalderen, eller eit symbol på aldring og død.

Annan bruk av ordet[endre | endre wikiteksten]

  • «Kjerring» kan vera ein kjepp å hengje kaffikjelen på over bålet.
  • Å «lage ei kjerring» kan vise til å falle under skihopp, medan å «reise kjerringa» kan vise til å reise seg etterpå. Omgrepet blir også brukt i overført tyding.
  • «Kjerringråd» blir brukt om ulike nedarva råd om husstell, botemiddel og liknande

Stader:

  • Kjerringa er ein fjelltopp på Sunnmøre.
  • Kjerringøy er ei halvøy i Nordland. Namnet kan koma av at ei kjerring dreiv der åleine.

Plantar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]