Kjerrsporvar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rustkronekjerrsporv, Atlapetes latinuchus
Foto: Andres Cuervo
Bleiknakkekjerrsporv, Atlapetes pallidinucha
Foto: Dick Daniels
Kanelkjerrsporv, Atlapetes semirufus
Foto: Fernando Flores
Cuscokjerrsporv, Atlapetes canigenis
Foto: Dominic Sherony
Gulbrynkjerrsporv, Atlapetes citrinellus
Foto: Allan Drewitt
Olivenhovudkjerrsporv, Atlapetes flaviceps
Foto: Alejandro Bayer Tamayo

Kjerrsporvar er ei samling av sporvefuglartar i neotropane frå to biologiske slekter i familien Passerellidae. Dei norskspråklege artsnamna har fellesnemninga 'kjerrsporv'. På engelsk er fellesnemninga 'brushfinch' i bruk for artar i dei to aktuelle slektene.[1]

Kjerrsporvar er lista opp innanfor dei to slektene Arremon og Atlapetes.[2] Totalt representerer slektene 47 fugleartar i tropisk Amerika, men 9 av desse i Arremon har namn med andre samansettingar enn med kjerrsporv/brushfinch. Omgrepet har soleis ikkje direkte samanheng med taksonomien, og har berre gildskap som eit språkleg merke for å skildre habitatet for fuglearten, tett underskog eller kjerr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  2. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]