Kjersti Beck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjersti Beck
Fødd 5. september 1979
Noreg
Yrke handballspelar, journalist

Kjersti Beck (fødd 5. september 1979) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Østre Toten som vart europameister i handball i 2004.

Beck var målvakt i både Viken HK, Toten HK og trondheimslaget Sjetne IL. Frå 1998 til 2006 var ho sisteskanse på topplaget Byåsen IL. Hausten 2006 var ho ei kort tid i spanske Sagunto, men då klubben kom i økonomiske vanskar vende ho heimover til Gjøvik & Vardal vinteren 2008. Våren 2013 rykte laget frå Oppland ned frå eliteserien og ho slutta med handball.

Beck debuterte på det norske landslaget 22. oktober 2004 mot Frankrike. Få veker seinare kom høgdepunktet då ho viste klassespel som målvakt då Noreg vann Handball-EM 2004 i Ungarn. Landslagstida hennar tok slutt 3. mars 2007 mot nettopp Ungarn, Becks 42. landskamp.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM 2004: Gullmedalje etter 27-25 mot Danmark
  • VM 2005: Nr 9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]