Kjersti Berge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjersti Berge
Fødd24. april 1961 (61 år)
FødestadBergen
Verka somskodespelar, komikar, Dagleg leiar, teaterprodusent, pianist

Kjersti Berge (fødd 24. april 1961) er ein norsk skodespelar, musikar og komikar kjend frå humorgruppa Kvinner på randen.

Utdanning og yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Berge er utdanna ved Bergen Musikkonservatorium og Musikkonservatoriet i Oslo.[1]

Ho har arbeidd som frilansskodespelar og songar på fleire norske teaterscener sidan 1985. Ho har òg medverka i ulike musikalar, kabaretar og revyar. Saman med Elisabeth Moberg og Marit Voldsæter danna ho i 1996 trioen Kvinner på randen.[2] Trioen har hatt suksess både på scena og på TV. Han var første gong å sjå på NRK TV i 1998. I 2003 var dei forgrunnsfigurar i humorserien Taxi, Taxi.[2] I 2007 lanserte ho sitt eige sceneshow kalla Shukahara.[3]

Berge har sidan 2007 vore knytt til Fargespill, eit fleirkulturelt kunstnarisk prosjekt i Bergen som starta verksemda si i 2004.[4] Ho var først med som produsent og frå 2008 som dagleg leiar og produsent.[5]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Berge er gift med gitaristen, gitarbyggjaren og høgskulelæraren Egil Haugland (1959).[6][7]

TV-framferder[endre | endre wikiteksten]

  • 2003 Taxi, Taxi (ulike roller)
  • 2003 Først & sist (gjest)
  • 2001 Den store klassefesten (gjest)
  • 1998 Kvinner på randen (ulike roller)
  • 1990 Melodi Grand Prix 1990 (Damer Og Herrar)
  • 1990 Which Witch Turné 90' (Anna Regina)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Garvik, Bodil (10. februar 2007). «fakta/Kjersti Berge». Bergens Tidende. 
  2. 2,0 2,1 Kvinner på randen i Store norske leksikon. Besøkt 4. februar 2017.
  3. «- Kjempe, Kjersti!» (på norsk). 15. februar 2007. Henta 11. oktober 2020. 
  4. «Bergen» (på norsk bokmål). Henta 11. oktober 2020. 
  5. «Hele Norge betaler for Fargespill» (på norsk bokmål). Henta 11. oktober 2020. 
  6. Garvik, Bodil (10. februar 2007). «fakta/Kjersti Berge». Bergens Tidende. 
  7. «Egil Haugland | NorskeGitarer» (på norsk bokmål). Henta 11. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]