Kjersti Elvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjersti Elvik
Fødd9. mars 1969 (55 år)
Verka somskodespelar, sceneinstruktør
PrisarAmandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle, Pernillestatuetten

Kjersti Elvik (fødd 9. mars 1969 i Bergen) er ein norsk skodespelar.

Elvik hadde gjennombrotet sitt i den populære norske TV-serien Vestavind, men er truleg best kjend for rolla som Hanne Wilhelmsen i filmatiseringa av Anne Holt sine krimromanar Salige er de som tørster og Blind gudinne. For rolla i Salige er de som tørster fekk ho Amandaprisen 1998 i klassen beste kvinnelege skodespelar.

I 2009 hadde Elvik den berande rolla i musikalen Mamma Mia i Oslo. I 2016 spela ho Ruth i julekalenderen på NRK, Snøfall.[1] For rolla vart ho nominert i til beste kvinnelege skodespelar under Gullruten 2017.[2] I 2014 spela ho hovudrolla i sommarmusikalen Den Gode Hensigt i Svelvik, med musikk og tekst av Christin Grilstad Prøis og regi av Ole Christian Øen.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

TV[endre | endre wikiteksten]

  • 1993: Rygg i rand, to i spann
  • 1995: Vestavind – Anny Nedrebø
  • 1997: Blind gudinne (TV-film) – Hanne Wilhelmsen
  • 2003: Hundehjørnet – Ann-Kristin
  • 2004–2007: Seks som oss – Angelica
  • 2008: Varg Veum – Kvinnen i kjøleskapet (TV-film) – Lise Føyner
  • 2016: Snøfall – Ruth[1]
  • 2016: Nobel – fred for enhver pris – Politioverbetjent Gudmundsen
  • 2016–2018: Aber Bergen – Dommer Schou

Film[endre | endre wikiteksten]

  • 1997: Salige er de som tørster – Hanne Wilhelmsen
  • 2004: Den som frykter ulven – Aggie
  • 2004: Hawaii, Oslo – Dorthe
  • 2014: Ta meg med! – Kari
  • 2017: Hva vil folk si

Høyrespel[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Knut-Eirik Lindblad (24. november 2016). «Etter 10 000 sider, fire år og 50 millioner kroner er årets julekalender premiereklar:- Det viktigste er å ikke tulle med jula». Dagbladet. Henta 19. desember 2016. 
  2. Anders Grønneberg (31. oktober 2017). «Nobel, Valkyrien, Leo Ajkic, Anne Lindmo, Petter Uteligger og Lothepus nominert til Gullruten». Dagbladet. Henta 8. april 2017. 
  3. «Kriminelt radioteater». NRK. 29. november 2002. Henta 24. desember 2021. 
  4. «Ta Meg Med! (2014, Soundtrack, File)» (på engelsk). Discogs. Henta 24. desember 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kjersti Elvik