Hopp til innhald

Kjersti Flatmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjersti Flatmark
Fødd1961
NasjonalitetNoreg
Områdegastroenterologi
Yrkeforskar, professor
InstitusjonarOslo universitetssykehus HF
Universitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo

Kjersti Flatmark (fødd i 1961) er ein norsk overlege, professor og forskar.[1]

Flatmark fullførte legeutdanninga si ved Universitetet i Oslo (UiO) i 1987, seinare har ho òg tatt doktorgrad ved same universitet med tittelen «Studier av faktorer med betydning for spredning av kreft i tykktarm og endetarm» på doktorgradsavhandlinga.[2] Sidan 2014 har ho vore professor ved UiO. Ho har i særleg grad arbeidd med gastroenterologisk kirurgi i pasientbehandling og forskingssamanheng.

I 2013 mottok ho Dr. Ragnar Mørks legats pris for for forskinga si innan kreftmedisin.[3]

  1. «6,5 millioner til forskning på kreftspredning til bukhinnen». forskning.no. 28. januar 2019. 
  2. «Doktorgrad: Doktor på spredning av kreft». Stavanger Aftenblad. 10. september 2004. 
  3. «Dr. Ragnar Mørk legacy prize 2013 to Kjersti Flatmark» (på engelsk). Oslo Universitetssykehus.