Hopp til innhald

Kjersti Kollbotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjersti Kollbotn

NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd27. februar 1959 (66 år)
Breim kommune
YrkeIngeniør
Periode2009-
PrisarBlixprisen, Tanums kvinnestipend
DebutEg er mamma, eg skal vere god
Kjersti Kollbotn på Commons

Kjersti Kollbotn (fødd 27. februar 1959)[1] er ein norsk sivilingeniør og forfattar frå Breim i Nordfjord, no busett i Tromsø.[2] Etter examen artium utdanna ho seg til sivilingeniør, med doktorgrad i byplanlegging (NTNU, 1993). Feltarbeidet gjorde ho i Guatemala. Ho har vore forskar ved Norsk institutt for by- og regionforsking, og har sidan 1995 budd i Tromsø.

Kjersti Kollbotn har tatt forfattarutdanning ved Universitetet i Tromsø og i Bø og er ein av fem medlemmar i gruppa «Jernbanepoetene».[2] Ho debuterte som skjønnlitterær forfattar med boka Eg er mamma, eg skal vere god i 2009. For denne boka blei ho heidra med Blix-prisen i 2010.[2]

I 2015 blei ho tildelt Tanums kvinnestipend.[3] Kollbotn var styremedlem i Nordnorsk forfattarlag i 2007-2011.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1995 Kvinner i fysisk planlegging : kva har auka deltaking betydd? (Oslo: Norsk institutt for by- og regionforskning) I fulltekst ved nb.no

I bøker - eit utval

[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval

[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 2010 Blixprisen for Eg er mamma, eg skal vere god[4]
  • 2015 Tanums kvinnestipend[5]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ««Kjersti Kollbotn (27.02.1959)»». forfatterkatalogen.no (Norsk Forfattersentrum). Henta 18. november 2016.
  2. 1 2 3 Fjordgaten
  3. «Kjersti Kollbotn er tildelt Tanums kvinnestipend 2015». Cappelen Damm. Henta 21. september 2015.
  4. «Kjersti Kollbotn (1959 - )». Fjordgaten / Kulturnett. Henta 21. september 2015.
  5. «Kjersti Kollbotn er tildelt Tanums kvinnestipend 2015». Cappelen Damm. Arkivert frå originalen 18. mai 2015. Henta 21. september 2015.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]