Kjersti Løken Stavrum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjersti Løken Stavrum
Nmd UNG 2014 - Ungdommens PFU (14122155664) (cropped).jpg
Fødd 1. mars 1969 (53 år)
Sarpsborg Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, redaktør, fagforeiningsleiar
Ektefelle Gunnar Stavrum Sjå dette på Wikidata
Prisar Årets kvinnelige medieleder
Kjersti Løken Stavrum på Commons

Kjersti Marie Løken Stavrum (fødd 1. mars 1969 Sarpsborg) er ein norsk journalist og redaktør, frå 2013 til 2016 generalsekretær i Norsk Presseforbund. Frå november 2016 var ho adm.dir. i Stiftelsen Tinius og Blommenholm Industrier.

Utdanning og stillingar[endre | endre wikiteksten]

Stavrum er utdanna statsviter innan internasjonal politikk og har ein mastergrad i leiing.

Ho arbeidde i Aftenposten frå 1991 til 2002, og igjen frå 2005 til 2012, i åra 2005–2011 som featureredaktør og frå 2008 til 2012 òg som redaktør for aftanutgåva Aften. Ho var redaktør for A-magasinet og Osloby.no.

Frå 2001 til 2004 var ho sjefredaktør i vekebladet KK og frå 2012 til 2013 avdelingsdirektør for kommunikasjon og eigne kanalar i NHO. Ho overtok som generalsekretær i Norsk Presseforbund etter Per Edgar Kokkvold i september 2013.[1] I 2016 gjekk ho frå presseforbundet til direktørjobb i Schibsted-stiftelsen Tinius og Blommenholm Industrier AS.[2]

Verv og prisar[endre | endre wikiteksten]

Stavrum var leiar av Oslo redaktørsamskipnad frå 2008 til 2012 og er styremedlem i Stiftelsen Tinius og Blommenholm Industriar. Ho har vore styremedlem i International newsmedia marketing Association, INMA. Ho vart i 2003 kåret til «årets kvinnelege medieleiar».

Ho er leiar i Norsk PEN frå 2019 og er styremedlem i Ethical Journalism Network.

Frå 2019 er ho styreleiar i stiftelsen Cultiva. Ho er styremedlem i Faktisk.no.[3]

I 2020 vart ho oppnemnd som leiar i den andre Ytringsfridomskommisjonen av regjeringa.[4] I august 2021 kritiserte Begard Reza Stavrum for å driva gjengjeldelse mot ein varslar som følgje av hennes kritikk av kommisjonen.[5]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Ho var i 2008 ein av fleire faste paneldeltakarar i talkshowet Studio 5 som gjekk på TV-kanalen FEM.

Ho er gift med Gunnar Stavrum, og er yngre syster av den tidlegare fotballspelaren, Kværner-direktør Karl-Petter Løken.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kjersti Løken Stavrum overtar etter Kokkvold», Aftenposten, 12. april 2013. (besøkt 23. mai 2014)
  2. «Kjersti Løken Stavrum slutter i Presseforbundet», Aftenposten 19. september 2016 (besøkt 22. september 2016)
  3. https://www.faktisk.no/om-oss
  4. Kulturdepartementet (14. februar 2020). «Presentasjon av medlemmene i Ytringsfrihetskommisjonen» (på norsk). Henta 14. februar 2020. 
  5. Begard Reza: Uredelig og usant fra Ytringsfrihetskommisjonen
  6. «Forbanna flink». Dagbladet Magasinet. 31. mai 2003. Henta 14. november 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Kjersti Løken Stavrum