Kjetil B. Alstadheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjetil B. Alstadheim

Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. september 1968 (55 år)
Yrke journalist
Born Nora Dåsnes
Prisar NTBs språkpris, Gullpennen
Kjetil B. Alstadheim på Commons

Kjetil Bragli Alstadheim (fødd 26. september 1968) er ein norsk journalist og kommentator fødd i Oslo.[1]

Alstadheim har studiekompetanse frå Nesbru vidaregåande skule frå 1987 og grunnfag i idéhistorie frå Universitetet i Oslo frå 1990.[2] Han var dagleg leiar i Natur og Ungdom 1987–1989,[3] journalist i Klassekampen 1991–1995 og journalist i den politiske avdelinga i Aftenposten 1995–1996.[2] I 1996 vart han journalist og kommentator i Dagens Næringsliv i Oslo, der han òg har vore klubbleiar. Frå 2014 til 2020 var han politisk redaktør i Dagens Næringsliv,[1] deretter vart han tilsett i tilsvarande stilling Aftenposten.[4]

Alstadheim har som journalist dekt felta politikk og økonomi. Han var leiar for Presselosjen til stortinget 2006–2010.

I 2010 vart han tildelt Språkprisen til riksmålsforbundet for pressefolk, Gullpennen,[5] og for 2011 vart han tildelt NTBs pris for godt mediespråk. I 2013 fekk han Den Store Journalistprisen.[6]

Alstadheim er brorson av Håvard Alstadheim og fetter av Håkon Alstadheim, begge Venstre-politikarar frå Skatval i Nord-Trøndelag.[7]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Republikken Norge. Oslo: Aschehoug. 2014. ISBN 9788203294457. 
  • Klimaparadokset. Oslo: Aschehoug. 2010. ISBN 82-03-29236-4. 
  • Alstadheim, Kjetil B. (red.) (1991). Naturvernforbundets EF-hefte: vekst, overnasjonalitet, EFs miljøpolitikk, EØS. Oslo: Norges Naturvernforbund. ISBN 82-7478-024-8. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Garvik, Olav (7. januar 2020). «Kjetil Bragli Alstadheim». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. 2,0 2,1 Øy, Nils E., red. (1998). Pressefolk 1997. Norsk Presseforbund. s. 12. ISBN 82-7147-175-9. 
  3. Yngve Nilsen. «En felles plattform?» (PDF). Miljøhistorie i Norge. s. s. 33. [daud lenkje]
  4. «Kjetil Bragli Alstadheim blir politisk redaktør i Aftenposten», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), henta 15. desember 2020 
  5. «Gullpennen». Riksmålsforbundet. Arkivert frå originalen 12. januar 2014. 
  6. Journalistprisen til Alstadheim, presse.no, 13.05.2013
  7. Olav Vinge, red. (2001). Skatval. Gårds- og slektshistorie 2. Skatval Historielag. s. 250. ISBN 82-995735-2-1.