Kjetil Mørland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjetil Mørland
20150513 ESC 2015 Mørland 5317 (cropped).jpg
Fødd3. oktober 1980 (41 år)
FødestadGrimstad
OpphavNoreg
Aktiv2009–
Sjangerpop
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapSony Music Entertainment
Verka somsongar, gitarist, pianist, komponist

Kjetil Mørland (fødd 3. oktober 1980) er ein norsk songar og låtskrivar fødd i Grimstad, men som vaksen busett i England.[1] Frå 2014 sikta han seg inn mot den norske musikkmarknaden som låtskrivar og songar. I 2015 vann han Melodi Grand Prix med eigenkomponerte «A Monster Like Me», som han framførte i duett med Debrah Scarlett. Låten enda på ein åttendeplass i den internasjonale finalen i Wien same år. I 2020 vann han Melodi Grand Prix for andre gong, denne gongen som ein av låtskrivarane bak «Attention», framført av Ulrikke Brandstorp.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mørland kjem frå Grimstad, men har budd i England mesteparten av sitt vaksne liv. Med sit britiske band Absent Elk gav Mørland i 2009 ut albumet Caught in the Headlights, der Toby Smith (Jamiroquai) stod for produksjonen. Hausten 2014 flytta Mørland mellombels til Oslo for å etablere seg som soloartist under namnet Mørland.

Mørland har skrive songen «A Monster Like Me», som vann den norske finalen i Melodi Grand Prix 2015.[2] Finalen vart halden i Oslo Spektrum 14. mars 2015 og vart vist på NRK1.[3] «A Monster Like Me» vart framførd av Kjetil Mørland og Debrah Scarlett.

Gjennom sigeren i Melodi Grand Prix fekk Mørland og Debrah Scarlett representere Noreg i Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike. I januar 2015 vart Noreg trekt til å delta i semifinale 2 av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Wiener Stadthalle i Austerrike torsdag 21. mai, og Noreg hadde startnummer 6. Mørland og Debrah Scarlett hamna på fjerdeplass i semifinalen og kvalifiserte dimed seg til finalen laurdag 23. mai. I finalen hadde Noreg startnummer 9 og enda til slutt på åttandeplass. Mørland vann Marcel Bezençon-prisen i kategorien Composer Award for «A Monster Like Me».

Mørland deltok òg som låtskrivar i Melodi Grand Prix 2018 med låten «Who We Are». Songen vart framført av Rebecca Thorsen og enda på andreplass, bak Alexander Rybak og songen «That's How You Write a Song». I 2019 deltok han igjen, som låtskrivar og vokalist for songen «En livredd mann», og som ein av låtskrivarane til «The Bubble», som vart framført av Adrian Jørgensen. «En livredd mann» vart slått ut i fyrste runde, medan «The Bubble» enda på ein andreplass i finalen.[4]

I 2020 vann Mørland Melodi Grand Prix for andre gong, denne gongen som låtskrivar for «Attention», framført av Ulrikke Brandstorp. Låten skulle ha vore det norske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Nederland.[5] Men Eurovision Song Contest 2020 vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i 2019-2020.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2013: «Keep Me Dancing»
  • 2015: «A Monster Like Me» (med Debrah Scarlett)
  • 2015: «No Firewall»
  • 2016: «Clownfeet»
  • 2016: «Keep Me Dancing»
  • 2016: «Army of One»
  • 2016: «Fearless»
  • 2016: «Pretend»
  • 2016: «Skin»
  • 2018: «Leo»
  • 2019: «Ein livredd mann»

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2016: Make a Sail

EP[endre | endre wikiteksten]

  • 2013: Mørland – EP

Som del av bandet Absent Elk[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2009: Caught in the Headlights (med bandet Absent Elk)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2009: «Sun & Water» (med bandet Absent Elk)
  • 2009: «Change My World» (med bandet Absent Elk)
  • 2010: «Emily» (med bandet Absent Elk)
  • 2010: «Leit Me Know» (med bandet Absent Elk)
  • 2011: «Comfort or Amuse» (med bandet Absent Elk)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lea, Mathilde (11. februar 2019). «MGP-vinneren: - Livredd for å dø» (på norsk). Henta 12. februar 2019. 
  2. NRK - Mørland & Debrah Scarlett
  3. NRK. «Kringkastingsorkesteret tilbake i MGP». NRK (på norsk bokmål). 
  4. Jor, Brage Lie (2. mars 2019). «Keiino vant Melodi Grand Prix» (på norsk bokmål). Henta 3. mars 2019. 
  5. NTB (15. februar 2020). «Ulrikke Brandstorp vant MGP-finalen» (på norsk). Henta 21. februar 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]