Kjetil Thorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjetil Thorsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juni 1958 (65 år)
Haugesund sjukehus, Haugesund
Yrke arkitekt
Medlem av Akademie der Künste Berlin

Kjetil Trædal Thorsen (fødd 14. juni 1958) er ein norsk arkitekt og professor fødd i Haugesund og oppvaksen på Karmøy. Han er partnar i arkitektfirmaet Snøhetta, som han var med å starta i 1987.[1]

Etter fleire år i Tyskland og Storbritannia, starta han utdanninga si som sivilarkitekt ved Technischen Universität Graz i Austerrike. Han har arbeidd hos David Sandved i Haugesund (1981), Espen Tharaldsen (Arbeidsgruppen Hus) i Bergen (1982–1983) og Ralph Erskine i Stockholm (1983–1984).

Thorsen er kjent for å ha bidrege til å teikna byggverk som OL-museet i Lillehammer, Bibliotheca Alexandrina i Egypt og Operahuset i Oslo. Thorsen er professor ved Universität Innsbruck.[2]

Thorsen vart på 50-årsdagen sin i 2008 utnemnd til kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden «for hans innsats for arkitekturen».[3] I 2011 vart han utnemnd til æresdoktor ved NTNU. I 2013 var han tildelt den svenske Prins Eugen-medaljen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kjetil Trædal Thorsen», Store norske leksikon. Lest 2. november 2015.
  2. «Antrittsvorlesungen internationaler Spitzenarchitekten», Universität Innsbruck. Lest 2. november 2015.
  3. «Tildelinger av ordener og medaljer», Kongehuset. Lest 2. november 2015.
  4. Prins Eugenmedaljen förlänas den 5 november 2013 Arkivert 2013-11-13 ved Wayback Machine., pressemelding fra Sveriges kongehus, 5. november 2013.