Kjevemøll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kjevesommarfuglar)
Kjevemøll


Micropterix aureoviridella
Micropterix aureoviridella, ein art frå Sentral-Europa

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Neoptera
Orden: Lepidoptera
Overfamilie: Micropterigoidea
Familie: Micropterigidae
Vitskapleg namn
Micropterigidae

Kjevemøll eller kjevesommarfuglar (Micropterigidae) er ein familie med primitive sommarfuglar. Gruppa er lita; på verdsbasis finst det berre 120 skildra artar og rundt 60 kjende artar som ikkje er skildra enno. I Norden finst det sju artar, alle i slekta Micropterix.

Ein reknar kjevemøllen til å vera den mest basale gruppa i sommarfuglane sitt evolusjonstre; tidlegare rekna ein dei tilmed som nærare i slekt med vårfluger. Dei manglar nemleg mange av trekka som er typiske for dei fleste andre sommarfuglar, til dømes manglar dei sugesnabel som vaksne og spinnkjertlar som larvar.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Kjevemøll har store mandiblar (bitande munndelar) som er ledda inn mot hovudkapselen. Dei manglar sugesnabel, men har til gjengjeld særs lange maxillarpalpar. Eit viktig kjenneteikn for gruppa er at heile oversida av hovudet er dekt med hårliknande skjel som står oppreist, i motsetnad til mange andre sommarfuglar som har dei liggande flatt.

Framvengene har ein metallisk glans: som regel i bronse eller purpur, men stundom òg med flekkar eller band i gull- eller sølvfarge. Båe vengepara er forma som breie lansettar, med litt mindre bak- enn framvenger. For nordiske artar er vengespennet mellom 6 og 11 mm.

Fullt utvikla hannar manglar herding (sklerotisering) på undersidan av det åttande bakkroppsleddet, kor dei i staden har ein mjuk membran. Genitalklaffane er velutvikla, og ein kan skilja ulike artar på kor dei små gruppene av tynne og/eller grove børstar sit. Hoa har ei felles opning for kjønnsorgan og utskiljingsorgan, og er generelt sett dårleg studerte.

Larvane er breie og relativt korte, om lag dobbelt så lange som dei er breie. Følehorna er uvanleg lange til sommarfuglar å vera, og hovudet kan trekkast heilt inn i mellomkroppen. Alle kroppssegmenta har kraftige børster, og dei tre brystsegmenta ber kvart sitt par med korte, treledda bein. Som andre sommarfuglar har dei òg føter på bakkroppen; desse er uledda, kjegleforma og spisse.

Egga er òg unike for familien, og kan ofte identifiserast til art. Dei er nesten heilt kulerunde, med små stokkeliknande utskot.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Kjevemøll er dagaktive og kan treffast om våren og tidleg på sommaren. Dei nyttar kjevane sine til å tygga i seg pollen frå fleire slags blomar; lenger sør i Europa finst det òg artar som et bregnesporer.

Micropterix calthella er ein kjevemøllart kor livssyklusen er godt kjend. Her legg hoa egga sine i levermose i grupper på 10 til 20. Larvane lever på mosen og er avhengige av fukt heile året. Andre artar kan eta mellom anna sopphyfer og daudt plantemateriale. Larvane overvintrar, før dei forpuppar seg tidleg på våren i ein oval kokong med innvove jord. Både antenner, venger, bein og bakkropp er rørleg i puppestadiet.

Artar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

  • Micropterix tunbergella
  • M. mansuetella
  • M. aruncella
  • M. aureatella
  • M. calthella

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bengtsson, Bengt Å. 2008. «Micropterigidae, käkmalar», s. 44-56 i Nationalnyckeln till Sveriges flora och fauna. Fjärilar: Käkmalar-säckspinnare. Lepidoptera: Micropterigidae-Psychidae. ArtDatabanken, SLU, Uppsala