Kjosfoss kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjosfoss kraftstasjon ved Kjosfossen haldeplass.
Foto: ashfay

Kjosfoss kraftverk er eit vasskraftverk i Flåmsdalen i Aurland kommune i Vestland. Kraftverket utnyttar vantnet i Flåmselvi. Det er også eit anna mindre kraftverk lenger nede i elva, men elva er elles varig verna mot kraftutbygging. Reinungavatnet er regulert mellom 765 og 763 moh og Seltuftvatnet mellom 812 og 808 moh .

Installert effekt er 3,5 MW med ein midlare årsproduksjon på 24 GWh. Anlegget er eigd og vert drive av Bane Energi AS og det meste av straumen vert brukt til drift av jarnbane.

Staten kjøpte fallrettane i Kjosfossen i 1894 for å skaffe straum til anlegga ved GravhalstunnelenBergensbanen.[1] Kraftstasjonen vart opna i 1898. Murane etter kraftstasjonen er framleis synlege frå utkikksplattforma ved Kjosfossen haldeplassFlåmsbana.

Då Flåmsbana vart bygd vart kraftverket opprusta og det vart bygd ny kraftstasjon litt nedom den gamle. Den nye kraftstasjonen vart starta opp 27. oktober 1944 og knapt ein månad seinare gjekk den fyrste turen med elektrisk motorvogn på bana.[2]

Ved reguleringa i 1944 vart ein grusrygg ved Seltuftvatnet vaska ut, og det kom etter kvart for dagen brende steinar, trekol og slagg. Dette var spor etter jernvinne frå attende til eldre jarnalder.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Kjosfoss kraftverk» frå Wikipedia på bokmål, den 23. november 2009. Der vart denne kjelda gjeven:
  • NVE

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]