Kjuker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjuke på ei trestamme på Lofthus i Hardanger.

Kjuker er soppar som lagar sidestilte, harde fruktlekamar på ved, gjerne stammer og greiner. Kjuker vert normalt ikkje rekna som matsoppar.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Sporane sit i eit porelag. Kjukene kan vera fleirårige, som knuskkjuke og raudrandkjuke, eller eittårige, som t.d. silkekjuke og svovelkjuke. Fruktlekamane er vanlegvis treharde, seige eller korkaktige.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste kjuker bryt ned ved og er årsak til kvitråte eller brunråte. Ved kvitråte vert både cellulose og lignin brote ned; ved brunråte, vert berre cellulosen nedbroten, og det brune ligninet vert liggjande att. Kjukene gjer vidare nytte for seg ved å bryte ned daud ved. Nokre kjuker går til åtak på levande tre, som t.d. rotkjuke på gran og svovelkjuke på lauvtre (t.d. eik), andre kjuker går til åtak på tre som er svekka, t.d. knivkjukebjørk. Dei fleste kjukene går på daude eller døyande tre, velta stammer, fallved, vedrestar eller på trekonstruksjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]