Kløfthaleparula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kløfthaleparula
Kløfthaleparula Foto: Tony Morris
Kløfthaleparula
Foto: Tony Morris
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kløfthaleparula
Utbreiinga av Kløfthaleparula
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Peucedramidae
Slekt: Peucedramus
Art: Kløfthaleparula P. taeniatus
Vitskapleg namn
Peucedramus taeniatus

Kløfthaleparula, Peucedramus taeniatus, er ein sporvefugl, han er einaste medlemmen av den biologiske slekta Peucedramus og i familien Peucedramidae.

Utbreiinga til kløfthaleparula

Denne arten hekkar frå sørlege Arizona og New Mexico i USA, sørover gjennom Mexico til Nicaragua. Det er den einaste fuglefamilien som er endemisk for området Nord-Amerika - Mellom-Amerika.[1] Tidlegare var kløfthaleparula klassifisert med parulaer, men DNA-studium tyder på at det skjedde ein tidleg splitt frå andre relaterte sporvefuglar før differensieringa av heile gruppa av parulaer, busksporvar og trupialar tok til. Difor har han no fått sin eigen familie i systematikken.

Dette er ein insektetande art med habitat i barskog. Sjølv om han ofte blir rekna å vere ikkje-trekkjande,[2] forlèt dei fleste fuglane staten New Mexico frå november til slutten av februar.[3]

Slektsnamnet på kløfthaleparula, Peucedramus, er avleidd frå det greske 'peuke' for edelgran og 'dromos' for løpar, ein referanse til fôringshabitat og åtferd. Artsnamnet, taeniatus, kjem av latinsk 'taenia' for eit hovudband, og 'atus' for det å ha, ein referanse til merket dei har i ansiktet.[4]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kløfthaleparula er ein middels stor songfugl, 13–14 cm i lengd og veg 9,5 til 12 gram. Det viser ein aning variasjon i storleik, der meir nordlege populasjonar er større enn dei sørlege, eit fenomen kjent som Bergmann-regelen.[5] Kløfthaleparula er ein langvenga fugl. Fjørdrakta til hannar har stort sett grå kropp med noko olivengrønt på vengene, og to kvite vengeflekker. Hovud og bryst hos hannar er gulbrun-oransje,[2] og det er ei svart maske frå nebb gjennom auget. Ungfuglar og hoer har gult i staden for oransje, og den svarte maska er meir diffus. I tillegg til geografiske skilnader i storleik, varierer fjørdrakta òg geografisk, med sørlege fuglar som meir fargerike i fjørdrakta enn dei nordlege.

Songen består av klåre plystretonar attgjeven som hirrJI hirrJI hirrJI, plida plida plida chir chir, osb.[2] Hannen syng gjennom heile året, frekvensen av songen er aukande seint på vinteren og når ein topp tidleg på våren. I løpet av året syng hannen mest midt på morgonen, men i løpet av våren syng han konstant gjennom heile morgonen og seint på ettermiddagen. Han sit vanlegvis i trekroner eller i andre høge tre under songen.[6] Dei hekkar i tre og har 3-4 egg i kullet.

Kløfthaleparula er distribuert frå USA til Nicaragua, og er den einaste fuglefamilien som er endemisk for Nord-Amerika medrekna Mellom-Amerika.[6] I nordlege delar av utbreiingsområdet har dei ein kontinuerleg distribusjon frå Yavapai County i Arizona og den sørvestlege spissen av New Mexico sørover langs sentrale Mexico ned til sørlege Mexico. Det er òg isolerte populasjonar i Tamaulipas, Coahuila, Sonora og Chihuahua. Lengre sør finn ein populasjonar i sørvestre Guatemala og frå nordre El Salvador og sentrale Honduras til nordlege Nicaragua.[6]

Kløfthaleparula er ein fugl av fjell og høgland. I nordlege område av utbreiingsområdet lever dei frå 2600 moh. eller meir, i einskilde delar av utbreiingsområdet finst dei lite truleg under 3500 moh. I Oaxaca i Mexico lever dei mellom 1700-3000 moh., lengre sør i Guatemala ned til 1850 moh. og i den sørlege delen av utbreiingsområdet, i Honduras og Nicaragua med til 1000 moh. der det finst eit belte av skog frå 1070 og 1370 moh.[6] Dei lever i barskog, som til dømes av gullfuru, Pinus ponderosa, og i skog av sukkerfuru i Arizona, og dessutan i vanleg edelgranskog og i eik- og furuskogar i det sentrale Mexico, Guatemala og Honduras. Desse skogane varierer frå fuktige til halvtørre.[5] I kystnære område kan palmar brukast, og i Mexicodalen skog av or og furu.[6]

Over det meste av utbreiingsområdet er arten standfugl, men det er prov for at fuglar i den nordlegaste bestanden er delvis trekkfuglar. Fuglar i Arizona, New Mexico og Mexico flyttar seg tilsynelatande bort frå hekkeplassane sine, men rørslene er ikkje godt undersøkte. Det har vore antyda at dei enten er høgdmigrantar, det vil seie flyttar ned til lågare høgder, eller at dei spreier seg, som nokre rapportar om funn i Texas viser. Fuglar av den nordlege underarten P. t. arizonae har vore registrert i nærleiken av Tepic i Nayarit. I alle høve blir nokre fuglar igjen i dei nordlege delar av leveområdet året rundt.[6][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Wheatley, Nigel and Brewer, David. Where to Watch Birds in Central America, Mexico, and the Caribbean. Princeton University Press, Princeton, New Jersey, 2001.
  2. 2,0 2,1 2,2 Sibley, David (2000). The Sibley Guide to Birds. Knopf. s. 458. ISBN 0-679-45122-6. 
  3. Parmeter, John; Neville, Bruce; Emkalns, Doug (2002). New Mexico Bird Finding Guide (Third utg.). New Mexico Ornithological Society. s. 314–315. 
  4. Jobling, James A. (1991). A Dictionary of Scientific Bird Names. Oxford: Oxford University Press. s. 179. ISBN 0-19-854634-3. 
  5. 5,0 5,1 Webster (1962). «Systematic and ecologic notes on the Olive Warbler» (PDF). Wilson Bulletin 74: 417–425. Arkivert frå originalen (PDF) 7. juni 2011. Henta 28. oktober 2010. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Lowther, Peter E; Jorge Nocedal (1997). «Olive Warbler (Peucedramus taeniatus. Bird of North America Online. Ithaca: Cornell Lab of Ornithology. doi:10.2173/bna.310. Henta 1 May 2009. 
  7. Vander Wall, Stephen B.; Sullivan, Kelly (1977). «Olive Warblers in the San Francisco Mountains, Arizona» (PDF). Western Birds 8 (3). Arkivert frå originalen (PDF) 6. juni 2011. Henta 28. oktober 2010.