Klo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Klør)
Gå til: navigering, søk

Klo er ei hylseforma horndanning ytst på endefalanksen til krypdyr, fuglar og pattedyr. Ho kan verna tærne, gje støtte og elles brukast som forsvars-, gripe-, klatre- eller gravereiskap.

Den kvelva faste overflaten på kloa blir kalla kloplata. Den mjukare undersida blir kalles klosålen og går over i tåballen bak. Overhudsområdet som kloa er ein del av, og staden ho blir danna frå, er klosenga. Klorota er dekt av ein liten hudfold, slik at det blir danna ein klovoll og ein klofals.

Hjå mange pattedyr kan kloa få ei ulike utforming, samstundes som ho held på den prinsipielle bygnaden. Kloa til apar og menneske er til dømes avflata til ein nagl som stikk ut frå ein naglefals og ligg på ei nagleseng. Hovdyr har klør omdanna til hóvar eller klauvar. Her er ho tjukk og sterkt kvelva frå side til side slik at ho omslutter heile tåenden som ein hornkapsel. Sidene (hornveggen) er lik kloplata og botnen (hornsåle og stråle) lik klosåle og tåballe. Tærne kviler vanlegvis bere med tåballene mot underlaget, men hos hovdyra tek alle tre del i understøttinga.

Enkelte padder har også byrjingar på klodanning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Klo: zoologi» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 9. april 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]