Kløvtveit kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°58′34.46″N 5°16′51.53″E

Kløvtveit kraftverk
Foto: PeltonMan

Kløvtveit kraftverk er eit vasskraftverk i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket utnyttar eit fall på om lag 380 meter frå Klyvtveitvatnet til Austgulfjorden. Nedbørfeltet er på 10,9 km² og årstilsiget på 50 millionar m³. Kraftverket har installert ein peltonturbin med yting på 8,9 MW. Midlare årsproduksjon er på 41,8 GWh.

Kraftverket vert ått og drifta av BKK og vart ferdig utbygd i 2006.

BKK inngjekk i samband med utbygginga avtale i 2001 om å innbetala 250.000 kroner til eit kommunalt fiskefond i Gulen, som nyttast til å vedlikehalde og styrkje innlandsfisket i kommunen. Fiskarar grunneigarar og foreiningar som fremjar fiske kan søkje prosjektmiddel frå fondet.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Retningslinjer for bruk og forvaltning av kommunalt fiskefond - Gulen kommune. Besøkt 12. november 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]