Klaas Bruinsma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Klaas Bruinsma
Fødd 6. oktober 1953
Amsterdam
Død

27. juni 1991
Amsterdam

Yrke narkotikabaron

Klaas Bruinsma (6. oktober 195327. juni 1991) var ein nederlandsk narkotikahandlar og bandeleiar, kjend som ein av dei første som dreiv med organisert kriminalitet i Nederland.[1] Han vart myrda i Amsterdam, 37 år gammal.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bruinsma vart fødd i Amsterdam, det andre barnet i ein familie på fire. Foreldra vart skilde sist i 1950-åra. Mora, E. Kelly, som var britisk, flytta då tilbake til heimlandet. Faren, Anton Bruinsma, hadde grunnlagd og dreiv brusfabrikken Raak. I 1964 flytta familien til småbyen Blaricum Om søndagane måtte dei fire borna hans vaske tomflasker.[2]

Medan han gjekk på vidaregåande skule tok Klaas Bruinsma til både å bruke og å selje hasjisj. 16 år gammal vart han arrestert for fyrste gong. Han vart sleppt fri med ei åtvaring. I 1974 vart han bortvist frå skulen, og bestemte seg for å drive med narkolanging på fulltid. Salet gjekk gjennom Thea Moear, som etterkvart vart forretningspartnaren hans. Han vart dømd til fengselsstraff i 1976. I lag med Moear og Etienne Urka starta han ein større bande. Kickboksaren Andre Brillemann vart livvakta hans. Seint i 1979 vart Bruinsma på ny dømd til fengselsstraff, for å ha stått bak smuglinga av eit stor parti hasj frå Pakistan. Etter han vart lauslaten frå fengselet, byrja han å utvide banden. Han ekspanderte til større delar av Europa, så som Tyskland, Belgia, Frankrike og Skandinavia.[3]

I 1983 skadeskaut Bruinsma fleire personar i kamp om eit parti cannabis som var stole. Han vart sjølv såra. Året etter vart han dømd til tre år i fengsel for denne hendinga. Då han kom i ut i 1987, omorganiserte han narkobanden. Urka tok Moears plass som viktigaste forretningspartnaren. Og ei avdeling for utnytting av spele-automatar vart danna under leiing av Sam Klepper og John Mieremet. Roy Adkins vart sett til leiar av narkotikahandelen. I denne perioden vart livvakta Brillemann skulda for tjuveri og brutalt drepen. Liket vart støypt i betong, og dumpa i Waal-elva.[4]

Sist på 1980-talet var Bruinsma den største narko-baronen i Europa. Han heldt ein høg profil og hadde kontaktar frå Colombia, Chile, Jugoslavia og Surinam.[5] Narkotikaligaen hans tente millionar av gylden kvar einaste dag. Bruinsma hadde tankar om å trekke seg ut, men ville gjere eit siste, stort kupp. Han importerte 45 tonn hasj. Då lasten nådde Nederland, vart han konfiskert av politiet. Bruinsma fekk store vanskar og byrja å bruke kokain.[6] Urka vart leiar av banden hans.

Natta til 27. juni 1991 vart Bruinsma involvert i ein krangel med Martin Hoogland, ein tidlegare politimann som då stod på lønningslista til jugoslavisk mafia. I firetida om morgonen skaut Hoogland Bruinsma ved inngangen til Hilton-hotellet i Amsterdam.[7]

Etter Bruismas død[endre | endre wikiteksten]

I 1992 publiserte journalisten Bart Middelburg ein roman bygd på Bruinsmas liv. Basert på denne boka laga Gerrard Verhage i 2004 ein spelefilm med tittelen De Dominee (predikanten), eit kallenamn på Bruinsma.

2. oktober 2003 hevda ei av Bruinsmas livvakter, Charlie da Silva, i eit fjersynsprogram at Mabel Wisse Smit hadde vore ein nær venn av Bruinsma og hans folk, og at ho hadde vore ein stamgjest på festar haldne på yachten hans.[8] Smit, som var trulova med dåverande prins Friso, hadde fortalt til statsminister Jan Peter Balkenende og dronning Beatrix at ho hadde hatt berre overflatisk omgang med Bruinsma. Som fylgje av desse opplysningane vedtok det nederlandske parlamentet å ikkje gje prinsen løyve til ekteskap med Smit. Friso kunne sidan ikkje gjere krav på trona, etter han gifta seg med Smit.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]