Klaffebru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrasjon av ei klaffebru

Klaffebru er ein type bevegeleg bru med ei motvekt eller kontravekt som kontinuerleg balanserer bruspennet, klaffen, som kan lyftast opp i loddrett eller nesten loddrett posisjon. På dette viset kan klaffebruer opnast for gjennomgåande skipstrafikk i den elva eller kanalen brua går over, slik at skip og båtar høgare enn brubana kan passere. Klaffebruer kan såleis byggjast på stader der det ikkje er mogleg eller ynskeleg å byggje ei bru med tilstrekkeleg seglingshøgd.

Moderne klaffebruer er som oftast mekanisert, med elektrisk styring.

Denne type bruer har vore i bruk sidan eldgamle tider. Men det var ikkje før i 1850 at ein kom fram til konstruksjonar som gjorde det mogleg å opne relativt lange og tunge spenn på ein snøgg og effektiv måte. Nikolajevskijbrua i Sankt Petersburg var den første store klaffebrua, ferdig i 1850.

Skansenbrua i Trondheim, som er ei jernbanebru for Dovrebanen, vart bygd som klaffebru og teke i bruk 22. mars i 1918. Denne klaffebrua har ei motvekt lagd av armert betong støypt om eit tetraedrisk romfagverk som overfører betongvekta til bereveggane, opphengt i eit stangparalellogram. Klaffen på brua vert lyfta og senka av motorar og tannhjul. Brua er konstruert av Joseph B. Strauss, som òg var ansvarleg for den verdskjente brua Golden Gate Bridge i San Francisco. Brua er den første av sin type i Noreg.

Nokre klaffebruer[endre | endre wikiteksten]