Klaipėda

Koordinatar: 55°42′N 21°08′E / 55.700°N 21.133°E / 55.700; 21.133
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Klaipeda)
Klaipėda
Horisonten til Klaipėda
Horisonten til Klaipėda
Byvåpenet til Klaipėda
Byvåpenet til Klaipėda

Kallenamn
«Uostamiestis («Hamnebyen»)»
Styresmakter
Land
Etnografisk region
Fylke
Litauen
Litlelitauen
Klaipėda fylke
Først nemnd
Byrettar
1252
1254
Borgarmeister Arvydas Vaitkus Sjå dette på Wikidata
Geografi
Flatevidd 98 km²
Flatevidd
 - By

98,35 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

185 899
  1 890/km²
Koordinatar 55°42′N 21°08′E / 55.700°N 21.133°E / 55.700; 21.133
Høgd over havet 21 m
Tidssone EET (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: www.klaipeda.lt
Plassering
Plassering av Klaipėda
Plassering av Klaipėda

Klaipėda (polsk Kłajpeda, tysk Memel eller Memelburg) er den einaste hamnebyen i Litauen, og ligg ved Austersjøen nær munningen av elva Nemunas. Byen hadde 194 400 innbyggjarar i[2002, mot 202 900 i 1989. Dagens Klaipėda er ei viktig ferjehamn som har samband med Sverige, Danmark og Tyskland. Ikkje langt frå byen finst populære badebyar som Neringa og Palanga.

Klaipėda har fleire bindingsverkshus som liknar dei ein finn i Tyskland, Danmark og England.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klaipeda hamn
Byen vart grunnlagd i 1252

Baltiske stammar budde først i området, men sjølve hamnebyen vart grunnlagd av den tyske riddarordenen i 1252 då dei kristna området. Han vart kalla Castrum Memele, på tysk Memelburg eller Mimmelburg. I 1422 vart Litauen og Preussen einige om ei grense seg imellom som gjorde at byen vart liggjande i Aust-Preussen, der han vart kalla Memel. Denne grensa vart ikkje endra før i 1919, noko som gjer henne til ei av dei lengstlevande i Europa.

Albert av Preussen vart den første hertugen av Preussen, og i 1525 erklærte han landet, og byen, protestantisk. Dette vart byrjinga på ei stortid for byen, som låg lageleg til ved ei elvemunning nær grensa til nabolandet Litauen. Enden på rikdommen kom då Sverige angreip og okkuperte byen mellom 1629 og 1635, slik at han måtte byggjast oppatt fleire gonger. 75 år seinare døydde eit stort tal innbyggjarar av pest.

Då føderasjonen Tyskland vart til i 1871 vart Memel den nordaustlegaste byen i riket. Då den første verdskrigen slutta med tysk tap, vart byen og området rundt skilt ut frå Tyskland og sett under fransk okkupasjon. I 1923 gjekk litauiske styrkar til åtak og franskmennene drog bort frå byen. 22. mars 1939 vart så Memel annektert av det tyske riket.

Mot slutten av den andre verdskrigen flykta innbyggjarane frå krigshandlingane. Memel vart teken av Den raude arméen i januar 1945 og gjeven tilbake til den litauiske sovjetrepublikken. Mange av innbyggjarane som var igjen vart sende til Sibir eller utviste til Tyskland.

Kjende folk frå Klaipėda[endre | endre wikiteksten]

Sport[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Klaipėda