Klappeleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bilde av to barn som utfører ein klappeleik i ei bok frå 1915.

Klappeleik er ei form for leik som omfattar klapping, gjerne også song eller regler. Klappeleikar blir ofte utførte av to eller fleire personar i lag.

Enkle klappeleikar kan leikast av ein vaksen i lag med småbarn, som «Klappe kake søte» eller «Patty cake». Ofte sit barnet på fanget til den vaksne, gjerne vend mot han. Barnet kan då klappa med den eldre eller ved å kopiera. Denne typen leik kan vera til glede for barnet og den vaksne, men kan også hjelpa barnet til å læra klapping, ord og rytme, kommunikasjon og koordinering.[1]

Litt eldre barn kan klappa med jamgamle partnerar.[1] Desse leikane kan klappast i par eller grupper, og kan ha varierande, gjerne nonsensprega, regler knytt til seg. Nokre slike regler som er kjende i Noreg er «Anne Liane» og «Min far han er barber». «Pease Porridge Hot» og «Mary Mack» er ein utbreidd klappeleik i heile den engelskspråklege verda.[2]

Nokre klappeleikar kan utførast som ringleik der det er om å gjera å klappa, eller ikkje klappa, rett for å ikkje bli ute.[3] «Stella Ella Ola» er ein ringleik der deltakarane klappar kvarandre sine hender etter tur, men prøver å unngå klappet som høyrer til den siste stavinga i verset.

Klappeleikane kan brukast til å øva dugleiken sin og til å knyta vennskap.[4] Mange regler og songar som er brukte i klappeleikar kan også brukast når ein hoppar hoppetau.

Større ungar og ungdommar kan klappa kompliserte rytmar som del av eit danse- eller musikkstykke som i jubadans.[1] Klappeleikar med glas eller koppar kan danna kompliserte rytmar.[5]

Klappeleikar i populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Ei regle som mellom anna blei brukt til klappeleikar, «Rubber Dolly», blei til hitten «The Clapping Song» i 1965. Songen var skriven av Lincoln Chase og framført av Shirley Ellis. Han inneheld både klapping og tala instruksjonar for ein klappeleik.

Klappeleiken «Green Sally Up» blei sampla på Moby-songen «Flower» frå 1999.

Rytmen frå klappeleiken med koppar er mellom anna brukt i «Optimist (We Are Not for Them)» av rapparen P.O.S. i 2009. Same året spelte pop-folkgruppa Lulu and the Lampshades inn songen «Cups» med den same rytmen. Etter at denne songen blei framført av Anna Kendrick i filmen Pitch Perfect fekk leiken eit oppsving i skulemiljø.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Bessie Jones, Bess Lomax Hawes (1972), Step it Down: Games, Plays, Songs, and Stories from the Afro-American Heritage, University of Georgia Press, s. 14, 19 
  2. Gaunt, Kyra Danielle. The Games Black Girls Play: Learning the Ropes from Double-Dutch to Hip-hop. NYU Press. s. 63. ISBN 0-8147-3120-1. Henta 8. april 2011. 
  3. «Klappeleik» Arkivert 2016-03-09 ved Wayback Machine., 4H Buskerud
  4. 4,0 4,1 Robert Samuels (February 26, 2013). «‘Cups,’ the ‘Pitch Perfect’ patty-cake game that’s gone viral in the schoolyard». The Washington Post. Henta August 12, 2013. 
  5. The Cup Game, pbskids.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Klappeleik
Spire Denne underhaldningsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.