Klappmyss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klappmyss
Klappmyssunge
Klappmyssunge
Utbreiing og status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: EN Sterkt truga[1]Utbreiinga av klappmyss
Utbreiinga av klappmyss
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Caniformia
Familie: Ekte selar Phocidae
Slekt: Cystophora
Art: Klappmyss C. cristata
Vitskapleg namn
Cystophora cristata

Klappmyss (Cystophora cristata) er ein sel som lever i Nord-Atlanterhavet både på europeisk og amerikansk side, sørover til norskekysten.

Klappmyss i Museum Koenig i Bonn.

Klappmyssen ynglar på pakkisen, men streifdyr kan vandra langt sørover, heilt til Portugal. Hannar kan nå ei lengd på 2,5 meter og vekt på 400 kilo, medan hoene er mindre, med ei snittvekt på 160 kilo.

Det vert drive fangst på selungane for pelsen si skuld. Klappmyssen kan dykka ned til 1000 meter og vera under vatn i nesten ein time. I tillegg til fangst av menneske, er klappmyssen også byttedyr for isbjørn og spekkhoggar. Storleiken på den globale bestanden vart i 2007 estimert til under 600 000 dyr.[2] Bestanden i Nordaust-Atlanteren er minkande, og dette har ført til at Noreg har innstilt fangst av arten. Nedgangen i bestanden har likevel halde fram.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Art klappmyss Cystophora cristata». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 20. juni 2022. 
  2. Kovacs, K.M. 2016. Cystophora cristata. The IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T6204A45225150. Henta 20. juni 2022
  3. Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (2021, 24. november). Pattedyr: Vurdering av klappmyss Cystophora cristata for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 20. juni 2022

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Klappmyss