Klas Östergren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Klas Östergren
Klas Östergren.JPG
Fødd 20. februar 1955
Stockholm
Yrke omsetjar, manusforfattar, skribent
Klas Östergren på Commons

Klas Östergren (fødd 20. februar 1955 i Stockholm)[1] er ein svensk forfattar, manusforfattar og omsetjar. Han er busett i tettstaden Kivik i Skåne. Östergren var frå 1982-89 gift med Pernilla August.

Östergren etterfylgde i 2014 Ulf Linde som medlem i Svenska Akademien på stol nummer 11.[1]

Forfattaren debuterte med romanen Attila i 1975, men er mest kjend for oppvekstromanen Gentlemen, som kom i 1980 (norsk utgåve Gyldendal 2006, ISBN 978-82-05-35130-1). Romanen skildrar Sverige i etterkrigstida og set mellom anna eit kritisk fokus på svensk våpenindustri. Ein frittstående oppfølgjar, Gangsters, kom i 2005 (norsk utgåve Gyldendal 2007, ISBN 978-82-05-36692-3, h.).

Östergren vann Doblougprisen i 1998.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • (1975) Attila
  • (1977) Ismael
  • (1978) Fantomerna
  • (1980) Gentlemen
  • (1981) Giganternas brunn
  • (1983) Slangbella
  • (1983) Fattiga riddare och stora svenskar
  • (1986) Hoppets triumf
  • (1986) Plåster
  • (1988) Ankare
  • (1988) Ge mig lite sodavatten. En opera buffa
  • (1991) Handelsmän och Partisaner
  • (1994) Under i September
  • (1996) Veranda för en tenor
  • (1997) Med stövlarna på och andra berättelser
  • (2001) Konterfej
  • (2001) Tre romaner: Ankare ; Handelsmän och partisaner ; Under i september
  • (2002) Tre porträtt
  • (2005) Gangsters
  • (2007) Orkanpartyt

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Stol nr 11 - Klas Östergren». Svenska Akademien. Henta 20. august 2016.