Klassifisering av indoariske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Klassifiseringa av dei indoariske språka er på mange måtar problematisk. Ideelt sett vil eit stamtre attgje den genetiske avsondringa av ei gruppe språk, som har utvikla seg frå kvarandre på grunn av avstand. Denne prosessen har i prinsippet òg funne stad hos dei indoariske språka, men på grunn av diverse folkevandringar er det særs vanskeleg å rekonstruere dette historisk. Grunnane til dei stadige migrasjonane og de blandingsprosessane som heng saman med dei er at det knapt finst naturlege hinder i det indiske kjernelandet, og at dei politiske einingane er ustabile, fleiretniske og fleirspråklege. Desse prosessane gjev derfor eit dialektkontinuum som strekkjer seg over heile det indoariske språkområdet frå vest til aust og frå nord til sør.

Følgjene av dette er for det første store vanskar med identifiseringa av visse språk, med avgrensing av dialekt og språk og med klassifiseringa som heilskap. Eit forvanskande omstende er at overgangen frå sein mellomindoarisk til nyindoarisk rundt 900–1100 e.kr berre er veldig svakt belagt skriftleg. Derfor blir det nesten umogeleg å føre nyindoariske språk tilbake til einskilde mellomindoariske språk og dermed oppnå ei naturleg gruppedanning av dei nyindoariske språka.

Sidan det er vanskeleg å lage ein enkel, vel motiverbar stamtremodell har det vorte gjort forsøk på å forstå struktureringa av dei nyindoariske språka ved hjelp av bølgeteori. I bølgjeteorien studerer ein nyvinningar som utgår frå visse senter, som poo gjennom tida har rørt seg gjennom delmråde av dei nyindoariske språka og vorte rekonstruert i isoglossar. Her speler fenomenet prestisjespråk ei stor rolle. Prestisjespråkets kjenneteikn og nyvinningar har gått over til nærliggande språk, forsterka gjennom kontakt. Indoariske prestisjespråk med denne funksjonen har vore vedisk, sanskrit, magadhi, sauraseni og apabhramsha, og i notida hindi. Problemet med bøljgeteorien er at ulike isoglossar leier til heilt ulike inndelingar, og at det difor i forlenginga motverkar ei einskapleg klassifisering.

Historiske teoriar[endre | endre wikiteksten]

Klassifiseringsforsøk i klassisk genetisk forstand har vorte lagt fram sidan byrjinga av 1800-talet. Men først i 1880 gav Hoernle eit oversyn som er basert på ei større mengd nyindoariske språk og som dermed er jamførbar med meir moderne formuleringar. Hoernles hovudinndeling er ein nordvestleg og ein søraustleg del, denne inndelinga fører han attende til tidsmessig separate innvandringsbølgjer:

  • Nyindoariske språk (etter Hoernle 1880)
    • Nordvestgruppe
      • Nordgruppe: Nepali, kumanauni, garhwali m.fl.
      • Vestgruppe: Sindhi, panjabi, gujarati, hindi m.fl.
    • Sørøstgruppe
      • Austgruppe: Bihari, bengali, oriya m.fl.
      • Sørgruppe: Marathi, konkani

Mange seinare forskarar har overteke grunnstrukturen i denne områdebetinga klassifiseringa. Likevel vart tesen om ulike innvandringsstramar forkasta. Eit neste viktig stad vart teke av Grierson i hans Linguistic Survey of India (1903–28), som enno i dag utgjer eit viktig arbeidsgrunnlag. Han gjekk ut frå eit konsept med «ytre» og «indre» nyindoariske språk. Til dei indre rekna han pahari-gruppa, panjabi, rajasthani, gujarati og hindi, til dei ytre austgruppene (bengali, assamsesisk, oriya), sørgruppa (marathi, konkani, singalesisk) og ein nordvestgruppe (lahnda, sindhi). I mellom plasserte han ei «mellomgruppe» av overgangsspråk (blant anna awadhi og chhattisgarhi). Indre-ytre-konseptet heldt likevel like lite vann som migrasjonstesen.

I 1926 la Chatterji fram ei ny klassifisering som likna dagens teoriar. Sjølv om gruppene enno har områdeavhengige namn, utgår Chatterji frå språkvitskapelege kjenneteikn og avgjorde fonetiske isoglossar, og kjem dermed til følgjande ikkje-hierarkiske klassifisering:

  • Nyindoariske språk (etter Chatterji 1926)
    • Nord: Pahari, nepali
    • Nordvest: Lahnda, panjabi, sindhi
    • Sørvest: Rajasthani, gujarati
    • Sentral: Hindi og nærskylde språk
    • Aust: Bihari, bengali, assamesisk, oriya
    • Sør: Marathi, singalesisk

Grierson reviderte i 1931 den opphavlege teorien sin, og kom til ei indre inndeling ganske lik Chatterjis. Òg dei klassifiseringene som er målbore av Turnar (1960), Katre (1965) og Cardona (1974) er variantar av Chatterjis teori.

Særtilfellene dardisk, romani og singalesisk[endre | endre wikiteksten]

Medan ein altså så lite hadde funne eit omtrentleg konsensus om kjernen til dei nyindoariske språka, endå utan å ha kome fram til ein allment akseptert inndeling i kvar detalj, fanst det enno større usemjer om grensegruppene, nemleg dardiske språk, dei romske språka (romani, domari og lomavren) og singalesisk og dhivehi. De seinare har ein anten rekna til dei sørindoariske språka (marathi, konkani) eller handsama som ei eiga gruppe.

Det er enno ikkje fullt klårlagt kva for språk som høyrer til dei dardiske språka. Om ein opphavleg regnte nuristanispråka til gruppa, tenderer dei fleste forskarane i dag til å oppfatte nuristanispråka som ei tredje grein av dei indoiranske språka, med same rang som iranske og indoariske språk, og fører dei ikkje lenger saman med dei dardiske språka. Dei (attverande) dardiske språka si stilling innan nyindoarisk er likevel framleis omstridd. Medan visse forskarar ser det som ei undergrein av nordvestindisk (saman med lahnda og sindhi), er det òg dei som meiner at dardiske språk er ei eiga grein av indoariske språk.

Spesielt vanskeleg er det å klassifisere romani (og de andre romske språkvariantene), som det på 1800-talet vart fastlagt at høyrde til dei indoariske språka. Den moderne framstillinga av romani og romanidialektane av Matras (2002) plasserer det i sentralindisk nært hindi, medan tidlegare oppfatningar på grunn av fonetiske likskapar snarare tenderte til å føre det til nordvestindisk. Det har enno ikkje kome nokre avgjerande bevis i denne saka. Denne artikkelen handsamar romani saman med domari og lomavren som ei separat grein av nyindoarisk.

Den klassifiseringa som her blir gjeve, stemmer dermed i stor grad overeins med den av Gippert i Metzler Lexikon Sprache (2. opplag 2000), som Gippert sjølv reknar forden «for tilfellet beste arbeidshypotesa». Ei stabil, for alltid gyldig klassifisering av dei nyindoariske språka kjem sannsynlegvis aldri til å kome, men store avvik frå den modellen som her blir framstilt er i alle fall ikkje å vente.

Hovudgreiner av nyindoarisk[endre | endre wikiteksten]

Følgjande strukturdiagram attgjev nyindoariskens hovudgreiner med dei viktigaste språka. Den fullstendige klassifiseringa av alle nyindoariske språk blir framstilt i neste avsnitt.

Klassifisering av dei nyindoariske språka[endre | endre wikiteksten]

For kvar hovudgrein av nyindoarisk blir det i følgjande oversyn oppgjeve den strukturelle inndelinga og dei tilhøyrande språka med tal på brukarar. For språkidentifikasjonen (og avgrensning mot dialektar) viser vi framfor alt til David Dalbys The Linguasphere Register (2000). Dei framstilte einingane er språk og ikkje berre «dialektar»; kvart oppført språk har som regel fleire dialektar. Mellom nærliggjande språk finst det normalt overgangsdialekter, posisjonen deira er naturlegvis problematisk. Informasjonen om talet på brukarar kjem for det meste frå Ethnologue (15. utgåve 2005), og ved større språk har statistiske årbøker og ytterlegare kjelder vorte brukt.

Hovudgreiner i versalar, genetiske undergrupper i halvfeit, språknamn i normalstil. Alternative namn på språket og tal på brukarar i parentes.

DARDISKE (23 språk med 5,7 millionar brukarar)

  • Kasjmirsk
    • Kasjmirsk (keshur) (4,5 millionar)
  • Shina
  • Kohistani
    • Indus-kohistani (220 000), kalami-kohistani (bashkarik, garwi) (40 000), torwali (60 000), kalkoti (4 000), bateri (30 000), chilisso (3 000), gowro (200), wotapuri-katarqalai (2 000), tirahi (100)
  • Chitral
    • Khowar (chitrali) (240 000), kalasha (5 000)
  • Kunar

NORDINDISKE eller PAHARI (3 språk med 21 millionar brukarar)

  • Vestpahari
    • Garhwali (2,2 millionar), kumauni (2,4 millionar)
  • Østpahari
    • Nepali (16 millionar)

NORDVESTINDISKE (20 språk med 135 millionar brukarar)

  • Dogri-kangri
    • Dogri-kangri (2,2 millionar), gaddi (bhamauri) (120 000), churahi (110 000), bhattiyali (100 000), bilaspuri (300 000), kunnauri-harijani (6 000), chambeali (130 000), madeali (800 000), mahasu-pahari (650 000), jaunsari (100 000), kului (110 000), bhadrawahi-pangwali (90 000), pahari-potwari (200 000)
  • Lahnda
    • Hindko (3 millionar), lahnda (vestpanjabi) (45 millionar), siraiki (sørpanjabi, multani) (30 millionar)
  • Panjabi
    • Panjabi (østpanjabi) (30 millionar)
  • Sindhi
    • Sindhi (22 millionar), kachchi (850 000), jadgali (100 000)

VESTINDISKE (13 språk med 78 millionar brukarar)

  • Rajasthani
    • Marwari (15 millionar), harauti (600 000), goaria (25 000), malvi (1,2 millionar), nimadi (1,4 millionar, gujari (gujuri) (1–2 millionar), bagri (1,8 millionar), lambadi (lamani) (2,8 millionar), lohari (nokre få tusen)
  • Gujarati
    • Gujarati (45 millionar), vasavi (1 million), saurashtri (300 000)
  • Bhili-khandeshi
    • Bhili (6 millionar), kandeshi (2,5 millionar)

SENTRALINDISKE (14 språk med 320 millionar brukarar, andrespråksbrukere 655 millionar)

AUSTINDISKE (26 språk med 347 millionar brukarar)

SØRINDISK (4 språk med 89 millionar brukarar)

SINGALESISK-DHIVEHI (2 språk med 4 millionar brukarar)

ROMANI-DOMARI (3 språk med 4 millionar brukarar)

UKLASSIFISERTE (8 språk med 200 000 brukarar) I tillegg til dei klassifiserte nyindoariske språka finst det visse skriftløse språk som hittil ikkje har vorte innordna i nokre av hovudgreinene. Det er mogleg at nokre av desse språka er dialektar av klassifiserte språk. Hittil finst det ikkje språkvitenskapelege undersøkingar eller grammatikkar for nokre av desse språka. Det dreier seg om desse språka:

  • Tippera (100 000), kanjari (50 000), od (50 000), usui (5 000), vaagri booli (10 000), darai (7 000), kumhali (1 000), chinali (1 000).