Klassisismen i musikk
Klassisismen er ein stilperiode innan europeisk kunstmusikk som strekkjer seg omtrent frå 1750 til 1830. Byrjinga til klassisismen går nokolunde parallelt med slutten på den galante stilen, og den siste delen av klassisismen er ein glidande overgang til romantikken. Perioden blir delt inn i tre delar: Overgangen frå den galante stilen (1750–1770), den dominerande klassisistiske perioden (1770–1810) og overgangen til romantikken (1810–1830).
Perioden 1770–1810 var dominert av musikken i Wien, der komponistar som Joseph Haydn (1732–1809), Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) og Ludwig van Beethoven (1770–1827) var dei viktigaste. Denne perioden har gitt opphav til namn som wienerklassisismen, som ofte blir brukt sm nemning for heile klassisismen, og den fyrste wienerskulen. Wien som kultursentrum spelte ei viktig rolle også før midtperioden, med komponistar som Christoph Willibald Gluck, og etter (Johann Nepomuk Hummel, og Franz Schubert). Likevel var det frå tidleg av ei rekkje komponistar som ikkje høyrde heime i Wien, som Carl Philipp Emanuel Bach (Potsdam, Hamburg), Johann Christian Bach, Muzio Clementi (begge London) og Luigi Boccherini (Madrid). Område som Mannheim og Paris var viktige i byrjinga av perioden. Gioacchino Rossini (Paris) og virtuosar som Louis Spohr (Kassel), John Field (St. Petersburg, Moskva), Fernando Sor (Paris, London) og den omreisande Niccolo Paganini var med på å avslutta perioden.
Som periode var klassisismen formgjevande innan opera, symfoniar, sonatar og strykekvartettar. Klassisismen handla i stor grad om å byta ut polyfonien til barokken (fleire melodiar i samspel) med homofoni (ein dominerande melodi med støtte frå andre instrument) og enklare musikkretningar. Grepet til barokken blei ikkje heilt gløymt, og fleire komponistar nytta både kontrapunkt og fugar gjennom komposisjonane sine. Likevel var klassisismen ei rørsle vekk frå teknikkar som generalbass og terrassedynamikk, og hovudmelodien blei langt meir markant i denne perioden. Der kontrapunkt i barokken hadde fleire likeverdige stemmer, hadde det klassisistiske kontrapunkt framleis ei dominerande hovudstemme, medan understemmene hadde som funksjon å støtta opp om melodien.
Klassisismen var også påverka av nyvinningar i instrument og orkester. Nye eller sterkt forbetra instrument som piano, valthorn, fagott, tverrfløyte og klarinett gav større høve til å laga musikk, og det blei også enklare å nytta seg av gradering av dynamikken. Orkestera blei større, særleg under Mannheimerskolen, og det blei skrive stadig fleire solostykke for enkeltinstrument. I tillegg skapte framveksten av eit sterkt borgarskap eit større fokus på verdsleg musikk, noko som gjorde at orgelet fekk mindre å seia. Musikk blei oftare framført offentleg i store hallar sponsa av privatpersonar for eit betalande publikum. Mot slutten blei musikken i klassisismen markant meir dramatisk, og overgangen til romantikken er glidande.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Klassisismen (musikk)» frå Wikipedia på bokmål, den 19. januar 2025.