Wenyan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Klassisk kinesisk)
Klassisk kinesisk
Med Hànzì-teikn 古文
Pīnyīn-transkipsjon: gǔwén
Direkte tyding 'antikt skriftspråk'

Wenyan eller klassisk kinesisk (kinesisk skrift 文言文, pinyin wényánwén, 'litteraturspråk') skil seg sterkt frå moderne kinesisk standardtalemål både i grammatikk og ordforråd. Det bygger på korleis kinesisk blei skrive og talt for over 2000 år sidan. Språket er brukt i klassisk kinesisk litteratur og blei brukt som administrasjonsspråk i Kina, Korea, Japan og Vietnam fram til 1900-talet. Grundig kjennskap til klassisk kinesisk var ein føresetnad for å kunna bestå dei svært krevjande embetseksamenane som til og med Qīng-dynastiet regulerte rekrutteringa til administrative stillingar i Kina. Derfor er det illustrerande å samanlikna rolla til dette språket i Aust-Asia med den dominerande rolla som latin spelte i same tidsspenn i historia til Vest-Europa.

Etter revolusjonen i 1912 blei det sett i gang fleire moderniseringsprogram for å bringa kinesisk meir i samsvar med moderne talespråk.

Klassisk kinesisk utanfor Kina[endre | endre wikiteksten]

  • I Korea er klassisk kinesisk kjent som hanmun
  • I Japan er det omtalt som kanbun (漢文)
  • I Vietnam brukar ein omgrepet chữ nho (字儒)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]