Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Klatremus.

Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen er ei forteljing om talande dyr i skogen laga av Thorbjørn Egner. Forteljinga blei først send i Barnetimen på radio og blei deretter gjeven ut som illustrert barnebok i 1953. Ho blei også dramatisert, først som dokketeater i 1959 og deretter som barneteaterstykket Dyrene i Hakkebakkeskogen i 1962. Egner hadde mange roller i utviklinga: Han var forteljar på radio og plateopptak, skreiv manus og bidrog til scenografien til dramatiseringane og illustrerte bokutgjevinga i 1953 og ei nyillustrert nyutgjeving i fargar i 1978.[1]

Forteljinga skildrar livet til typiske norske skogsdyr som kan tala og til dels oppfører seg som menneske, men også har mange dyretrekk. Klatremus er ein sorglaus trubadur som helst vil spele gitar, dikte og synge viser. Han er ven med den meir arbeidsame og fornuftige Morten Skogmus. Dei engstar seg for rovdyr som Mikkel Rev. Bjørnefamilien Bamsefar, Bjørnemor og Brumlemann er ein sentral kjernefamilie i skogen.

Handlinga[endre | endre wikiteksten]

Boka opnar med at Morten grublar over kor ille det er at dyr skal ete kvarandre. Han får besøk av Klatremus og dei et kake. Då kaka eigentleg skulle vere til Morten si bestemor må Morten ut og plukke nøtter for å kjøpe ei ny kake. Etter å ha kjøpt kaka slepp han så vidt unna Mikkel Rev.

Den stadig svoltne Mikkel prøver så å fange den syngande Klatremus, men Klatremus slepp unna og klatrar opp i eit tre der han først terger Mikkel for så å synge ei voggevise som får Mikkel til å sovne. Sur over å ha mista nok eit måltid vandrar Mikkel bort til bakaren for å stele pepparkaker. Mikkel veit ikkje at bakarguten som har laga kakene bytta om sukker og peppar i oppskrifta, noko som gjer de uspiselege. Mikkel blir til slutt overtydd til å betala for nylaga kaker, og desse smaker godt.

Da Morten si bestemor kjem på besøk blir ho nesten spist av eit anna rovdyr, Petter Pinnsvin, men blir tatt av vinden og flyg til tryggleik hos Morten. Morten synest det er så ille at det er slik i skogen at dyra et kvarandre at han lager eit framlegg om ein lov for dyra i Hakkebakkeskogen. Den seier:

  1. Alle dyra i skogen må vere venar.
  2. Ingen får lov til å ete kvarandre.
  3. Den som er doven og ikkje finn mat sjølv, må ikkje ta mat frå andre.

Det blir halde eit møte i skogen, leia av Bamsefar, der loven blir vedtatt trass i at korkje pinnsvinet, reven eller ugla er helt samde.

Reven blir så svolten at han røvar ei skinke på bondegarden like ved. Mannen og kona på garden går på revejakt, men istaden for å finne reven finn dei Brumlemann og tar med seg bjørnungen til garden. Dei vil selje han til eit sirkus. Alle dyra i skogen leitar etter Brumlemann, og takka vere reven klarer dei saman å fri bjørnungen. Det vert stor fest i skogen då dei feirar at alt gjekk bra og at Bamsefar fyller 50 år.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I etterkrigsåra var det viktig at politiske, sosiale og relegiøse skiljeliner ikkje skulle splitte tillitstilhøvet mellom barn og vaksne, heller ikkje mellom folkeslag og nasjonar. Det vart viktigare å peike på det som samla enn det som skilde. Dyra i Hakkebakkeskogen vart idealfigurar i staden for rovdyr.

Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen vart først sendt som høyrespel i barnetimen i radioen i 1953 og kom ut som bok i 1955. Seinare redigerte Egner stoffet for teater. Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen vart først dramatisert for dokketeater, og vart sett opp på Oslo Nye Teater med handdokker, dekorasjonar og iscenesetting laga av forfatteren. Teaterstykket Dyrene i Hakkebakkeskogen hadde urpremiereDet Ny Teater i København 1962. Skodespelet er seinare blitt vist på mange scener i alle dei nordiske landa.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bache-Wiig, Harald. «Thorbjørn Egner» (22. august 2014), Store norske leksikon.
  2. «Dyrene i Hakkebakkeskogen» (14. februar 2009), Store norske leksikon.