Klatrerute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei klatrerute er ruta (vegen) ein klatrar nyttar for å komme seg til toppen av eit fjell, ein stein eller ein isvegg. Klatrerutene kan ha svært ulike graderingar, også for same fjellet. For ein klatrar undervegs mot toppen vil det vere svært vanskeleg å skifte rute midtvegs, så ruteval og planlegging er viktig. For kjende fjell og fjellveggar vert det ofte gjeve ut sokalla klatreførarar som skisserar ei klatrerute i detalj, gjerne med teikningar og kart, informasjon om vanskelege parti, standplassar og så vidare.