Klaus Augenthaler
|
Klaus Augenthaler i 2021 | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fødd | 26. september 1957 (68 år) | ||
| Fødestad | Fürstenzell i Vest-Tyskland | ||
| Høgd | 182 cm | ||
| Posisjon | Forsvarsspelar | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1977-1991 | Bayern München | 404 | (52) |
| Landslag | |||
| 1982-1990 | Vest-Tyskland | 27 | (0) |
| Trenar for | |||
| 1991-1992 | Bayern München (ungdomstrenar) | ||
| 1992-1997 | Bayern München (assistenttrenar) | ||
| 1996 | Bayern München (midlertidig trenar) | ||
| 1997-2000 | Grazer | ||
| 2000-2003 | FC Nürnberg | ||
| 2003-2005 | Bayer Leverkusen | ||
| 2005-2007 | Wolfsburg | ||
| 2010-2011 | Unterhaching | ||
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Klaus Augenthaler (fødd 26. september 1957) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Fürstenzell. Han vart verdsmeister i 1990 med Vest-Tyskland og vann sju gongar Bundesliga og tre gongar DFB-pokalen med Bayern München.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Augenthaler spelte på Bayern München frå 1977 til 1991. Han var med å vinne den tyske seriemeisterskapen i sju sesongar i tida frå 1980 til 1990. Mellom 1982 og -86 gjekk han sigrande ut av den vesttyske cupmeisterskapen tre gongar, siste gongen då Bayern vann dobbelt. Våren 1982 var han på plass då Bayern München spelte finale i Europacupen, ein finale der Bayern tapte mot Aston Villa.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Frå debuten i 1983 deltok Augenthaler i 27 landskampar på Vest-Tyskland, den siste under VM 1990. Korkje til EM 1984 eller EM 1988 fekk han plass i meisterskapstroppa. Han var derimot med i Fotball-VM 1986, der han fekk lite speletid. Meir til nytte fekk han vere då Vest-Tyskland i 1990 lukkast vinne VM-turneringa i Italia med finalesiger 1-0 over eit argentinsk mannskap som aldri funkla.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 1990 med Vest-Tyskland
- VM-sølv: 1986 med Vest-Tyskland
- EM-sølv: 1976 med Vest-Tyskland
- Vesttysk cupmeister: 1982, 1984 og 1986 med Bayern München
- Vesttysk seriemeister: 1980, 1981, 1985, 1986, 1987, 1989 og 1990 med Bayern München
- Finaletap i Europacupen: 1982 og 1987 med Bayern München
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Klaus Augenthaler» frå Wikipedia på tysk, den 21. oktober 2017.