Klaus Egge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klaus Egge

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. juli 1906
Notodden kommune, Gransherad
Død

7. mars 1979 (72 år)
Oslo

Yrke komponist, musikkritikar
Klaus Egge på Commons

Klaus Egge (19. juli 19067. mars 1979) var ein norsk komponist og musikkritikar. Han er mest kjend for symfoniane, konsertane og kammermusikken sin.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Egge vart fødd i Gransherad (nær Notodden) i Telemark. Han studerte ved Musikkonservatoriet i Oslo, og tok organisteksamen der i 1929. Etter dette studerte han bl.a. komposisjon under Fartein Valen. I tida 193738 studerte han under professor Walter Gmeindl ved Musikkhøgskolen i Berlin.

Klaus Egge var ein viktig figur i norsk kulturliv. Han var formann i Norsk Komponistforening i perioden 194572, og var det òg i Norges Kunstnerråd, TONO, Statens Musikkråd og Norges Nasjonale Musikkomité. I tillegg var han styremedlem i Nordisk Komponistråd og International Music Council. Han fekk kunstnarløn frå 1949. I 1972 vart han tildelt Norsk kulturråds ærespris. Han var kommandør av St. Olavs Orden og av Den islandske Falkeorden. I 1978 fekk han Lindemanprisen.

Musikken hans var inspirert av norsk folkemusikk, men etter kvart vart Egge meir opptatt av atonal musikk.

Blant dei større verka hans finn vi fem symfoniar, tre klaverkonsertar, ein fiolinkonsert og ein cellokonsert. Kammermusikken står òg sentralt, med ein strykekvartett, ein klavertrio, to blåsekvintettar, ein fiolinsonate og mange klaververk. Han komponerte òg mange verk for kor, samt fleire songar.

Verk (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Konsert for klaver og orkester Nr. 1, Op. 9 (1937)
  • Sveinung, Op. 11 (1940) (H.H.Holm)
  • Fjell-Norig: Symfonisk høgsong for dramatisk sopran og orkester, Op. 15(1941)
  • Noreg-songen, Op. 16 (Utgitt: 1952) (Arne Garborg)
  • Symfoni Nr. 1 : Lagnadstonar, Op. 17 (1942)
  • Draumar i Stjernesnø, Op. 18 (1944) (H.H.Holm)
  • Elskhugskvede, Op. 19 (1942) (Tore Ørjasæter)
  • Konsert for klaver og orkester Nr. 2, Op. 21 (1944)
  • Symfoni Nr. 2 : Sinfonia Giocosa, Op. 22 (1947)
  • Konsert for violin og orkester, Op. 26 (1953)
  • Symfoni Nr. 3 : Louisville Symphony, Op. 28 (1958)
  • Konsert for cello og orkester, Op. 29 (1966)
  • Symfoni Nr. 4 : Sinfonia seriale sopra BACH - EGGE, Op. 30 (1967)
  • Symfoni Nr. 5 : Sinfonia dolce quasi passacaglia, Op. 31 (1969)
  • Konsert for klaver og orkester Nr. 3, Op. 32 (1973)
  • Symfoniske variasjoner og fuge over en norsk folketone

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ingrid Loe Dalaker 2011, Nostalgi eller nyskaping : Nasjonale spor i norsk musikk : Brustad, Egge og Groven
  • Ragnar Olsen (Notodden): Klaus Egge - telemarking og europear. Artikkel i Årbok for Telemark (2007)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]