Klaus Fuchs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klaus Fuchs

Bilete frå ID-kortet til Fuchs ved Los Alamos
FøddEmil Julius Klaus Fuchs
29. desember 1911
Rüsselsheim
Død28. januar 1988 (76 år)
Dresden i Aust-Tyskland
BustadTyskland
Storbritannia
USA
Aust-Tyskland
NasjonalitetTysk
Britisk
Yrkekjernefysiker, atomic spy, politikar, teoretisk fysikar, universitetslærar, fysikar
InstitusjonarLos Alamos National Laboratory
Atomic Energy Research Establishment
Helmholtz-Zentrum Dresden-Rossendorf
University of Birmingham
University of Edinburgh
Alma materUniversitetet i Leipzig
Christian-Albrechts-Universität zu Kiel
Friedrich-Wilhelms-Universität zu Berlin
University of Bristol
DoktorgradsrettleiarNevill Francis Mott
EktefelleGrete Keilson
MedlemAkademie der Wissenschaften der DDR
Reichsbanner Schwarz-Rot-Gold
Zentralkomitee der Sozialistischen Einheitspartei Deutschland
Research Council of the GDR

Klaus Emil Julius Fuchs (29. desember 191128. januar 1988) var ein tysk-fødd britisk fysikar og atom-spion som i 1950 vart dømd for å levere informasjon frå den britiske og amerikanske atombombeforskinga til Sovjetunionen under og like etter andre verdskrigen. Fuchs var ein ekstremt kompetent forskar. Ved Los Alamos National Laboratory var Fuchs ansvarleg for mange viktige teoretiske utrekningar knytte til det første fisjonsvåpenet, og seinare òg for dei tidlege modellane av hydrogenbomba, det første fusjonsvåpenet.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Fuchs gjekk både på universitetet i Leipzig og universitetet i Kiel, og medan han gjekk i Kiel vart han aktiv innan politikken. Som ung vart Fuchs medlem av det sosialdemokratiske partiet i Tyskland, og i 1932, kommunistpartiet i Tyskland. I 1933, etter eit valdsamt møte med dei nyleg innsette nazistane, flykta han til Frankrike og fekk då høvet til å bruke familiære samband til å flykte til Bristol i England. Han tok doktorgraden sin i fysikk ved University of Bristol i 1937, studerte under Nevill Mott, og tok ein DSc ved University of Edinburgh medan han studerte under Max Born. Oppgåva hans om kvantemekanikk, publisert i Proceedings of the Royal Society i 1936, bidrog til at han fekk ei pedagogisk stilling ved universitetet i Edinburgh året etter. I 1940 vart han internert, men vart snart frigjeven.

I 1946 vart han leiar for den teoretiske avdelinga ved Harwell Atomic Establishment i England, ei stilling han hadde til han i 1950 vart arrestert, skulda for å ha overlate hemmelege opplysningar om kjernefysisk forsking til Sovjetunionen. Han vart dømd til 14 års fengsel, men vart 1959 frigjeven og gjeven løyve til å reise ut av England. Han reiste då til Aust-Tyskland, der han vart avdelingsleiar ved Sentralinstituttet for kjernefysikk i Dresden og frå 1963 professor i teoretisk fysikk ved den tekniske høgskulen der.

Klaus Fuchs er gravlagd på Zentralfriedhof Friedrichsfelde (Pergolenweg) i Berlin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Klaus Fuchs