Klaus Voormann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Klaus Voormann
Klaus Voormann ManfredMann (cropped).jpg
Voormann i 1967
Fødd29. april 1938 (81 år)
FødestadBerlin i Tyskland
OpphavTyskland
AktivSidan 1964
SjangerRock 'n' roll, rhythm and blues
Instrumentbassgitar, kontrabass, gitar, fløyte, saksofon, klaverinstrument
Tilknytte artistarThe Beatles, Paddy, Klaus & Gibson, Manfred Mann, Plastic Ono Band, George Harrison, Badfinger, Ringo Starr, Harry Nilsson, Carly Simon, Liam Gallagher
PlateselskapApple, EMI, Fontana, Zapple, Epic, Sony, RCA Victor
Verka somMusikar, plateprodusent, grafikar

Klaus Voormann (fødd 29. april 1938) er ein tysk grafikar, musikar og plateprodusent. Han laga plateomslag for mange band, som The Beatles, Harry Nilsson, Bee Gees, Wet Wet Wet og Turbonegro. Det mest kjende arbeidet som produsent var då han arbeidde med bandet Trio, inkludert den store hitten «Da Da Da». Som musikar er Voormann mest kjend som bassist for Manfred Mann frå 1966 til 1969, og som studiomusikar på ei rekkje innspelingar, mellom anna «You're So Vain» av Carly Simon og mange av tidlegare Beatles-medlemmar.

Han vart kjend med The Beatles då dei var i Hamburg tidleg i 1960-åra. Han budde i leilegheita til bandet i London med George Harrison og Ringo Starr etter at John Lennon og Paul McCartney flytta ut for å bu med sine kjærastar, og laga plateomslaget til Revolver,[1] som han vann Grammyprisen for. Etter bandet var oppløyst gjekk det løyse rykte om eit band kalla The Ladders som skulle bestå av Lennon, Harrison, Starr og Voormann. Dette vart aldri noko av, men desse fire (pluss Billy Preston) spelte på Ringo Starr-songen «I'm the Greatest». Voorman spelte òg på album av Lennon, Harrison og Starr, og var ei stund medlem i Plastic Ono Band.[1] I 1990-åra laga han plateomslaga til Beatles Anthology-albuma.

I 2009 gav han ut det første soloalbumet sitt, A Sideman's Journey, med mange kjende musikarar, mellom anna dei to attverande Beatles-medlemmane.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som Voormann & Friends:

Med Manfred Mann:

Britiske album:

Amerikanske album:

Med The Plastic Ono Band:

Med John Lennon:

Med George Harrison:

Med Ringo Starr:

Andre artistar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Shea 2002, s. 59.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]