Hopp til innhald

Klaustrofobi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klaustrofobi

Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD000098452

Klaustrofobi er ein angstsjukdom som inneber frykt for innestengde område. Klaustrofobar kan få panikkanfall eller frykta å få eit anfall av vill panikk i situasjonar der dei er innestengde, som i heisar, tog eller fly.

Folk som er sårbare til panikkanfall kan også ofte utvikla klaustrofobi.Om klaustrofoben får eit anfall medan han er i eit avlukka rom, fryktar han at han ikkje vil kunne sleppa unna situasjonen. Folk som lid av klaustrofobi kan få vanskar med å pusta i lukka auditorium, teater og heisar. Som mange andre psykiske sjukdommar kan klaustrofobi nokre gonger utvikla seg på grunn av ei traumatisk hending i barndommen.

Klaustrofobi kan behandlast på same måte som andre angstsjukdommar, med ei rekkje behandlingar, m.a. kognitiv terapi og anti-angst-medisin.

Populært blir klaustrofobi sett på som det motsette av agorafobi eller «frykt for opne område». Dette er likevel ei overforenkling: klaustrofober kan òg frykta å vera i folkemengder, og agorafobi kan òg beskrivast som «frykt for offentlege stader». Slik kan t.d. ein overfylt festplass råka både klaustrofobar og agorafobar negativt.

Behandling

[endre | endre wikiteksten]

Det finst eit lite tal terapiar som kan kurera fobien:

  • Pasientar kan bli plasserte i innestengde område. Erkjenninga av at dei har vore utsett for det største frykta si utan å ha kome til skade, kan gjera inntrykk og vera ein sterk terapi.
  • Pasientar kan læra spesifikke avslappings- og visualíseringsteknikker som dei kan bruka mot fobi-relatert angst. Utløysinga av fobien blir introdusert gradvis, medan pasientane konsentrerer seg om å oppnå fysisk og psykisk avspenning. Til sist kan dei klara å konfrontera kjelda til frykta si utan å bli nervøse.
  • Forbilde – pasientar kan òg sjå andre pasientar plasserte i lukka område (terapi I), og bli oppfordra til å etterlikna same tillit.
  • Kognitiv åtferdsterapi – personen blir hjelpt til å konfrontera og endra tankane og haldningar som kan føra til kjensla av frykt.
  • Medisinsk behandling – roande og antidepressiv medisin. Medikament som beta-blokkarar kan brukast til å behandla dei fysiske symptoma på angst, t.d. eit hurtig slåande hjerte.