Klaver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Klaverinstrument)
Gå til: navigering, søk

Eit klaver er eit musikkinstrument med strengar som ein hovudsakleg speler ved å trykka på tangentar.[1]

Det finst tre ulike klaverartar:

  1. Klaver der strengane blir anslåtte av metalltunger, som klavikord
  2. Klaver der strengane blir kneppa av ei fjør-, lær- eller metalltunge om lag som med eit plekter, til dømes cembalo, spinett eller virginal
  3. Klaver der strengane blir anslåtte med filtovertrukne hammarar, til dømes piano eller flygel.

Ein utvikla truleg det klavikordet, på 1300-talet. Dette og etterfølgjaren cembalo blei fortrengd av hammarklaveret i løpet av 1700-talet.[1]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Uttrykket å trampa i klaveret viser til det å gjera eit stort feiltrinn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ledang, Ola Kai (22. juni 2012), «Klaver: musikk», Store norske leksikon, https://snl.no/klaver%2Fmusikk