Klaverkonsert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Klaverkonsert nr. 1 av Liszt, første sats, framført av Midwest Young Artists med Avery Gagliano som solist.

Pianokonsert eller klaverkonsert, kort for Konsert for piano og orkester, er eit som oftast relativt omfangsrikt verk for virtuos pianosolist og symfoniorkester. Mange komponistar har komponert pianokonsertar. Til dei aller best kjende høyrer pianokonsertar av Mozart, Beethoven, Schumann, Brahms, Tsjaikovskij, Grieg, Rakhmaninov, Prokofjev, Sjostakovitsj, Villa-Lobos og Bartók.

Ein klassisk pianokonsert består tradisjonelt sett av tre satsar, fort-langsam-fort, der den første satsen plar ha sonateform med to eksposisjonar (ein for solisten og ein for orkesteret) og den siste ofte er ein rondo. Ein klassisk konsert plar innehalde ein improvisert kadens for solisten si bravuroppvisning. Visse berømte improviserte kadensar har seinare blitt nedskrivne og gjenbrukte. Ein konsert frå seinare periode, til dømes frå romantikken kan sakne eksposisjonen til orkesteret, og gjerne framheve virtuositet og bravur (consert brillant). Forma kan også bli friare, til og med likne eit einsats-tonedikt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Pianokonsert» frå Wikipedia-utgåva på bokmål, den 5. januar 2008.
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.