Utkleding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kle seg ut)
Gå til: navigering, søk
'To gutar kledde ut som riddarar' (1688). Måleri av Johanna Vergouwen.
Tiger- og leopardutkleding under pullikali i Kerala. Utkledinga består av maske, klede, bjøller og kroppsmåling.

Utkleding eller å kle seg ut er det å ta på seg klede og eventuelt masker eller sminke på ein slik måte at ein går inn i ei anna rolle enn den ein har til vanleg. Ein kan til dømes kle seg ut til leik, ulike høgtider og festivalar, som del av eit yrke, ein hobby eller av andre grunnar. Utkleding kan hjelpa ein person til å gå inn i ei ny rolle og for andre til å godta rolla, det kan fungera som underhaldning eller som aktivisme. Ved hjelp av utkleding kan ein til dømes gå inn ei ny samfunns- eller yrkesrolle, endra alder eller kjønn, bli uattkjenneleg, likna ein kjend figur eller kjendis, dyr, ting, fabelvesen eller liknande.

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Ein kan kle seg ut med tilfeldig valde klede, til dømes kan barn bruka vaksenklede eller ein kan bytta klede med andre. Det går an å ha ei samling utkledingsutstyr i til dømes ei eiga utkledingskiste. Det går også an å laga eit eige kostyme, eller ein kan leiga eller kjøpa eit i eigne utkledingsbutikkar eller leikebutikkar.

Masker kan vera viktigaste delen av eit kostyme, ettersom dei endrar utsjånaden mykje ved å skjula ansiktet. Sminke kan også brukast til å endra utsjånaden av ansiktet og eventuelt andre delar av kroppen. Kroppsmåling kan ved nokre høve vera den viktigaste delen av utkledinga.

Høve[endre | endre wikiteksten]

Både barn og vaksne kan kle seg ut for å driva ulike typar rollespel. Utkleding er elles vanleg ved visse høgtider og festivalar, som saturnalia i eldre tid og karneval, jul, halloween, Gay Pride-arrangement og lokale festivalar i nyare. Høvet for utkledinga kan vera heilt spesifikt, som opptog, festar, spel, danseopptredenar, idrettstilstellingar og liknande.

Det er vanleg å kle seg ut i samband med skodespel, opera- og danseframsyningar og liknande, og ved ein del attraksjonar og tilstellingar. Maskeradeball og halloween- og karnevalsfestar er døme på festar der gjestene er forventa å kle seg ut. I historisk gjenskaping og ved ein del museum kan det vera ønskeleg å kle seg ut som historiske personar, gjerne med så autentiske klede og utstyr som mogleg. I moroparkar kan tilsette kle seg ut som maskotar eller fantasifigurar, i skrekkhus som skumle figurar og så bortetter.

Ein kan også bruka utkleding for å få merksemd, anten som del av aktivisme, reklame eller som del av ein opptreden, til dømes som gjøglar, klovn, sirkusartist eller levande statue.

Tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Diabladadansarar frå Bolivia.

I nordlege Europa har ein særleg tradisjon for å kle seg ut midtvinters for å gå julebukk, til mumming og festivalar som shetlandske Up Helly Aa, knytt til figurar som Krampus, Percht eller liknande. Sør i Europa finst det fleire karnevalstradisjonar, særleg knytt til fastetida, men også elles, der ein kan halda opptog, tradisjonelle spel eller folkefest i utkleding. Karnevalet i Venezia er velkjend, men lokale tradisjonar finst overalt, som slovensk kurentovanje med saueskinnsdrakter, kroatisk zvončari der ein ber dyrehovud med horn og raud tunge, tysk Strohbär (stråbjørn) og andre. I Italia finst også fleire tradisjonar for å kle seg i historiske klede i samband med palioar, tevlingar der ulike bydelar kjempar mot kvarandre. Den jødiske tradisjonen med å kle seg ut under feiringa av purim oppstod også i Europa.

Europeiske utkledingsskikkar har også spreidd seg og blitt omforma i ei rekkje europeiske koloniland, som Karibia, Latin-Amerika og Filippinane. Slike skikkar av blanda opphav er til dømes diablada frå Andesområdet, der dansarar kler seg ut som djevlar og englar, karneval i Brasil og Karibia. Dans med masker og utkleding er også kjend frå Nord-Amerika, som bisondansar blant prærieindianarar for tida då bisonen vende tilbake, eller masker brukt til formidling blant yupikfolk i vintertida.

I kinesisk tradisjon kan utøvargrupper kle seg ut som drakar eller løver og dansa ved nyttår og nasjonaldagar. I Indonesia finn ein liknande dansar med barongdyr og andre maskekledde figurar.

I India finst ulike lokale tradisjonar for utkleding. Høgtida onam i Kerala er til dømes knytt til pullikali, der menn kler seg ut som kattedyr som løver og tigrar, og kummattikali, der omvandrande dansarar kler seg ut med masker og gras. I samband med hinduhøgtider som Krisjna-djanmasjtami kan barn kle seg ut som gudar, som Radha og Krisjna.[1]

Likishi, drakt til makishidans.

Innan afrikansk yorubatradisjon er egungun ein utkledingstradisjon knytt til forfedredyrking. Makishi er ein skikk knytt til overgansseremoniar for ungdom blant fleire folkegrupper i det sørlege Afrika der gutar eller unge menn kler seg ut som kvinner med ein kroppsdekkande drakt og maske.[2] Dogonane sin damadans med masker er tradisjonelt ein dødsskikk, men blir i nyare tid særleg framført for turistar.

Biletdøme[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Janmashtami celebrations, hindustantimes.com
  2. The Makishi Masquerade, www.unesco.org