Klek i Karavankane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°29′4″N 14°1′31″E
Klek
fjell
Land Flag of Slovenia.svg Slovenia, Flag of Austria.svg Austerrike
Fjellkjede Karavankane
høgd 1 754 moh
koordinatar 46°29′4″N 14°1′31″E
Alps location map.png
Locator Red.svg

Klek (tysk Hahnkogel), òg kalla Petelin eller Petelinjek på den slovenske sida av fjellet, er eit fjell vest i Karavankane mellom Golica/Kahlkogel i aust og Dovška Baba/Frauenkogel i vest. Det ligg på grensa mellom Slovenia og Austerrike oppfor byen Jesenice. På nordsida mot Kärnten er fjellet særs bratt og det mest består av skjør stein og urer. På den austerrikske sida er einaste tilkomsten til fejllet via sadelpunktet i Rožca. Nordsida er kjend på grunn av den vanskelege tilkomsten, fjellplantene, særleg den verna edelweissplanta. Tilkomsten er lettare frå den slovenske sida frå Planina pod Golico.

Karavankanetunnelen kryssar grensa mellom Austerrike og Slovenia, nesten rett under Klek.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]