Klementin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein klementin

Klementin er ei frukt i småsitrus-gruppa. I 1902 klarte presten Pierre Clément frå Algerie å krysse mandarinen med ei anna sitrusfrukt, pomerans. Klementinar inneheld vanlegvis ikkje steinar, men det kan førekome. Klementinen har ein fin balanse mellom sukker og syre. Han er ei flattrykt frukt, med tynt oransjefarga skal. Det finst mange variantar av klementinen, men det er stort sett berre spesialistar som klarar å sjå skilnaden på desse, og alle sortane vert pakka og eksporterte som klementinar. Dei fyrste variantane ein fann i Spania heiter Marisol og Oroval. Hovudsorten i Marokko har namnet Fina, den var òg den viktigaste i Spania tidlegare, der den har vorte erstatta av Clemenules, som gjev frukt med betre storleik. Når det gjeld forlenging av sesongen for frukta, har spanske Hernandina og marokkanske Nour gjort det mogleg til langt ut i februar. I Noreg vert klementinane kjøpte frå Spania og Marokko i perioden oktoberfebruar. Ein kan også skaffe dei frå Korsika.