Klemet Gundersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klemet Gundersen
Fødd 1802
Død

1888 (86 år)

Klemet Gundersen (18021888) var ein samisk lærar, kyrkjesongar og kyrkjetolk i Kautokeino.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Namnet til Klemet Gundersen blei òg skrive Clemet, Clement, Klemmet og Klement. Ulike kjelder har oppført ulike fødselsår: Ved konfirmasjonen hans i 1820 er han oppført med alder 16 år. I folketeljinga 1865 er han oppført med alder 63 år, i 1875 med fødselsår 1797. Då han døydde 25. mars 1888 var fødselsåret oppført til 1800.

Klemet budde i Avžži. I 1828 vart han tilsett som lærar i Kautokeino. Den første tida reiste han omkring frå siida til siida som omgangsskolelærar, frå 1831 vart det fast skole i kyrkjestaden Kautokeino. Klemet fekk då eit husrom der òg, slik at han kunne bu der den tida av året dei heldt skole. Elles budde han fast på garden Jaremguolpan i Avzzi, der han hadde eit bruk med 9 storfe, 20 sauer og 40 rein – i tillegg til at han dyrka potet.

Som kyrkjetolk omsette han prestens ord frå norsk til samisk. Han kunne òg hjelpe presten til sjølv å gjere seg forstått på samisk. Han orienterte òg presten om kva som rørte seg blant folk i soknet på det religiøse feltet.

Då den læstadianske vekkinga breidde seg i indre Finnmark midt på 1800-talet, vart òg Klemet gripen av denne rørsla, men då biskop Juell kom til Kautokeino i samband med uroa vekkinga hadde ført med seg, gav han offentleg uttrykk for at han hadde vore på ville vegar, og at han gjekk attende til biskopens tru. – Slik offentleg syndevedkjenning var forøvrig eit karakteristisk trekk for læstadiansk kristendom.

Då uroa i Kautokeino toppa seg med Kautokeino-opprøret i november 1852, vart det sendt bod til Klemet Gundersen i Avžži. Væpna med ei uladd hagle for han med eit følgje på i alt seksten menn og tre kvinner til Kautokeino, som han nådde på ettermiddagen. Her greidde følgjet hans etter hard kamp å ta opprørarane til fange og stengje dei inne i stabburet på prestegarden.

Klemet Gundersen heldt fram som lærar og kyrkjesongar til 1869.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]