Klepp stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Klepp Stasjon)
Hopp til navigering Hopp til søk
Klepp stasjon våren 2007

Klepp stasjon er ein togstasjon på Jærbanen i Rogaland fylke. Klepp stasjon er òg namnet på tettstaden som ligg i området rundt stasjonen. Klepp stasjon ligg 3 kilometer aust for Kleppe, som er administrasjonssenter i Klepp kommuneJæren.

Klepp stasjon ligg 24,84 kilometer frå StavangerSørlandsbanen sin kilometer 573,94.

Staden kom til då Jærbanen vart bygd i 1878. Traseen for banen vart lagd langs Frøylandsvatnet, og då vart ein stasjon i Kleppe for stor omveg. Stasjonen vart difor lagd langs vatnet, og ein tettstad med ulik industri, slik som potetmjølfabrikk, iskremfabrikk og trevareindustri voks etter kvart opp rundt stasjonen.