Kleppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kleppe
stad
Byggeaktivitet i Kleppe sentrum våren 2007
Land  Noreg
Fylke Rogaland fylke
Kommune Klepp kommune
Kart
Kleppe
58°46′25″ N 5°37′58″ E
Wikimedia Commons: Kleppe

Kleppe er administrasjonssenteret i Klepp kommuneJæren i Rogaland fylke. På Kleppe bur det om lag 3000 menneske, men medrekna Verdalen er det 9 859 innbyggjarar per 1. januar 2023 i tettstaden Kleppe/Verdalen.

Klepp kyrkje frå 1846 ligg mellom dei to høgdedraga Kleppevarden og Haugabakka. Nedanfor kyrkja ligg Kleppekrossen, som er sentrum i bygda. Det ligg rundt krysset mellom hovudvegen over Jæren (Rv.44) og den ytre hovudvegen vidare nordover til Sola og Stavanger (Rv.510). Rv.44 går i dag i tunnel under Kleppevarden nord for Klepp kyrkje og vest for det tidlegare vegkrysset.[1]

I Kleppekrossen finst bankar og ymse butikkar . I nordaustre delen av Kleppe ligg Klepp stadion og Kleppe skule. Vidare i austleg retning mot Klepp stasjon ligg idretts- og symjehall, turnhall og ny ungdomsskule (bygd i 2005).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thorsnæs, Geir (8. juni 2020). «Kleppekrossen». Store norske leksikon (på norsk bokmål).