Klesplagget bolero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bolero frå 1860-talet.

Ein bolero er ei kort, open jakke, ofte utan slagl, som er avskoren rett under ribbeina. Boleroen er gjerne knappa på ei side, av og til dobbelknappa eller kan ha avrunda, knappelause framstykke. Opphavet er den spanske toreadorjakka.

Tradisjonell spansk bolero.
Kvinne med selskapsbolero i amerikanske Ladies' Home Journal frå 1947.

Jakka blei kjend under namnet bolero i samband med at dansen bolero blei utbreidd kring 1800. På slutten av 1800-talet kom damejakker inspirerte av dei spanske jakkene på mote, og blei verande vanlege fram til byrjinga av 1900-talet.[1]1960-talet kom boleroen på mote igjen, då ofte i svart fløyel. Søramerikanske gauchoar har sin eigen variant av boleroen, ei slaglaus open jakke med broderi og dekorative tinnknappar som opphavleg blei skapt kring1590.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 4, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1938 (nyutgåva av 1930 års utgåva), s. 459.