Klima i Karibia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landskap frå Cuba.

Klimaet i Karibia er stort sett roleg og behageleg med temperaturar som stig frå behagelege nivå i januar til tropiske nivå i juli. Dei største skilnadane har ein på dei vestlegaste øyane Cuba og Hispaniola (inkludert Haiti og Den dominikanske republikken) i tillegg til Bahamas. Havanna og Nassau har ofte temperaturar under 15 °C om vinteren, men sjeldan under 10 °C. Dei meir fuktige dagane om vinteren er som oftaste dei kaldaste, men desse oppstår ikkje så ofte. Om vinteren kjem det òg litt regn nordaustkysten av Den dominikanske republikken og Puerto Rico, der den nordaustlege passatvinden fører med seg fuktig luft frå Atlanterhavet og oppover fjellsidene. Bahamas er derimot flat, og her er dei kaldare periodane som regel tørrare.

Over det meste av Karibia er den tørre tida på året frå februar til april. I denne perioden kan ein frisk passatvind vere det einaste vêrfenomenet som oppstår på desse øyane. Frå mai til oktober har ein om lag torevêr ein til to gonger i veka om ettermiddagen. Det er vert derimot større sannsyn for torevêr lenger aust i Karibia, rundt Dei små antillane, her ein kan få regnvêr nesten kvar dag. Likevel er det i tillegg ein god del sol i heile området. Stort sett får dei sørlege og vestlege områda av øyane litt mindre regn enn dei nordlege og austlege, men på enkelte øyer kan lokale topografiske forhold føre til andre regnmønster. Dei sørlege områda av Karibia er ein god del tørrare enn resten av øyane. Øyar som Aruba og dei sørlegaste øyane av Dei nederlandske antillane får mindre enn 500 mm i året, som er uvanleg tørt for tropiske havområde. Februar til juli er den aller tørraste perioden her.

Austsida av øya Mustique i Saint Vincent.

Cuba og Hispaniola har ein markert canicula i løpet av juli og august, der det regner mykje mindre enn resten av den våte tida av året. Dette er dei tørraste øyane i det nordlege Karibia. Det meste av Cuba får mindre regn enn områda rundt, og særleg sørkysten og dei indre områda i søraust får lite nedbør og mykje sol, sjølv under regntida. Fuktig er det likevel året rundt. Sørkysten av Jamaica har òg om lag like tørre forhold. Kingston kan ofte ha lange periodar med opphaldsvêr, medan Blue Mountain like i nærleiken får store mengder regn. Haiti er langt tørrare enn Den dominikanske republikken. Enkelte indre område av Haiti får langt mindre enn 1000 mm nedbør i året, og Port-au-Prince badar i sol året rundt.

Den atlantiske orkansesongen varer frå juni og ut november, og er den mest alvorlege trugselen i dette området vêrmessig sett. Orkanane som oppstår utanfor kysten av Afrika kan truge alle områda i Karibia, medan orkanar som oppstår i Det karibiske havet seinare i sesongen stort sett går mot Hispaniola og dei nordlege områda av Sentral-Amerika frå september og ut oktober.