Klima i Mellom-Amerika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myrområde i Honduras under regntida på sommaren.

Klimaet i Mellom-Amerika er ganske så variert i forhold til det forholdsvis vesle og smale området. Området ligg mellom den nordlege vendekretsen og ekvator, og har derfor behagelege temperaturar året rundt, bortsett frå i dei høgareliggande områda som kan få noko låge temperaturar. Det meste av Mellom-Amerika har ein forholdsvis tørr periode frå november til april, med mykje sol og opphaldsvêr i vekevis. Dei lokale innbyggjarane kallar faktisk denne perioden for sommar. Frå mai til oktober har ein derimot nesten dagleg kraftige torevêr. Dette er hovudtrekka i klimaet, men ein har mange små variasjonar i klimaet som forskarar har problem med å forklare. Til dømes kan ei åsside få dobbelt så mykje nedbør som ei anna åsside like ved. Eit anna av desse fenomena er canicula eller veranillo (som tyder «den litle sommaren») som er to-tre veker i juli og august der regnet gjer seg og det vert forholdsvis tørt.

Regn er det ein treng å uroe seg mest for i dette området. Det kan forsvinne heilt i løpet av tørkeperiodar, eller kome i enorme mengder i samband med orkanar. El Niño fører som regel til at regnet om sommaren meir eller mindre forsvinn, og ein kan få langvarig tørke og stor skogbrannfare. La Niña har motsett effekt, og gjev meir regn enn vanleg i tillegg til fleire orkanar. Sidan orkanane vanlegvis har ein komponent vestover går dei sjeldan rett inn mot stillehavskysten. Fjellsidene på Stillehavssida kan likevel få like mykje, og av og til meir, regn enn fjellsidene mot Karibia, fordi ein orkan som kjem inn frå aust kan trekke fuktig Stillehavsluft opp i fjella. I oktober 1998 kom orkanen Mitch frå Karibia og inn mot kysten av Honduras, og gav kolossale mengder med regn, så mykje som 900 mm i fjellområda. Vinden var kraftig svekka då Mitch gjekk på land, men dei store regnmengdene førte med seg kraftige flaumar og jordras, som tok livet av meir enn 11000 menneske i området (dei fleste på Stillehavssida), og øydela økonomien i Honduras.

Øyene i nordlege og austlege område av Karibia er som regel truga av orkanar nokre gongar i året, men utanom det er klimaet i dette området still og fredeleg. Cuba og Bahamas er nære nok Nord-Amerika til at dei kan få enkelte kaldfrontar frå nord i løpet av vinteren. Temperaturane endrar seg elles lite gjennom året, og som i Mellom-Amerika har ein ei regntid om sommaren og tørre forhold gjennom vinteren.