Klima i Mexico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Mexico etter Köppen si klimaklassifisering

Klimaet i Mexico er variert,[1] men i stor grad mykje rolegare og mindre variert enn i nabolanda i nord. Tropiske orkanar er derimot ein trugsel på både austkysten mot Mexicogolfen og Karibia, og på den sørlege Stillehavskysten. Ein kan få kraftige flaumar i dei høgareliggande områda når gamle orkanar går innover land, eller i samband med vedvarande pålandsvind mot dei sørlege fjellsidene av Chiapafjella, særleg i avskoga områda. Bortsett frå dette er klimaet i Mexico stort sett harmlaust.

Platået og fjellområda[endre | endre wikiteksten]

Sierra Madrefjella

Hovudkjelda til klimaet i Mexico er det høgareliggande området som dekkjer halvparten av landet og dei store havmassane på kvar side. Platået dekkjer dei sentera områda av landet, og går frå om lag 1500 m over havet frå Rio Grandedalen i nord til om lag 2200 m i sør. Høgda gjer at temperaturane er lågare enn kva ein kunne forvente så nær ekvator. Mexico City kjem sjeldan over 30 °C, og nettene er forholdsvis kjølige året gjennom. Det nordlege området av platået er utsett for tørke, og er litt varmare om sommaren, men vanlegvis ganske kald om vinteren. Frost er ikkje uvanleg og stundom kan ein få lett snøfall. Om våren vert derimot platået raskt varma opp, og den varmaste tida på året er mai og juni før monsunen, som varierer nokre veker, set inn. Denne perioden har kjøligare ettermiddagar, men er meir skya og fuktig enn resten av sommaren. Torevêr oppstår nesten dagleg og gjev litt regn om ettermiddagen og om natta.

Frå dei sentrale områda og sørover og austover i landet får ein ofte ein tørrare periode nokre veker midt på sommaren, ein periode kalla canicula eller veranillo, der ettermiddagsbyene gjer seg medan regnet om natta framleis held fram. Nedbørsmengdene vert mykje mindre i oktober, og vinteren er faktisk meir solrik enn sommaren på platået. Januar er mild på dagtid med kjølige, men sjeldan iskalde, netter.

Platået ligg mellom dei austlege og vestlege Sierra Madrefjella og dei vulkanske delane av fjellrekkja sør for Mexico City. Områda over 3000 mm over havet kan få litt snø, men i det store og heile er vinterdagane solrike. Snøen ligg gjerne på dei øvste toppane året rundt. Ein har sjeldan kraftig vind bortsett frå i torevêr. Forholda på sørsida av dei tverrgåande fjella i sør er mykje mildare og fuktigare enn nordsida. Cuernavaca er berre ein kort tur over Sierrafjella frå Mexico City og kjend som «byen med evig vår».

Aust og sør[endre | endre wikiteksten]

Acapulco på Stillehavskysten

Låglandet rundt Mexicogolfen og Karibia, inkludert Yucatanhalvøya, er varmare og fuktigare enn platået om sommaren. Regnbyene kjem ikkje like ofte, men er like kraftige som på platået. På nordaustkysten har vinteren enkelte kalde dagar, og netter med temperaturar ned mot 0 °C. Når den nordlege vinden, kallar nortes, kjem over havet til Yucatan eller kystområda av Campechebukta fører han som regel berre til skya vêr, vind, litt yr og litt kjøligare luft. I dei høgareliggande områda kan det derimot bli ein del regn i slike tilfelle. Som på platået er tida før regnet kjem om sommaren den varmaste tida på året. Orkanar er ein trugsel frå juni til november, der dei fleste orkanane vanlegvis slår til den siste halvdelen av denne perioden. Ein kan òg få orkanar på Stillehavskysten sør for Sierra Madre del Sur frå midten av mai til november. Dei fleste orkanane går parallelt med kysten frå Puerto Angel til Manzanillo, men stundom kan dei gå rett inn mot kysten. Orkanan Pauline gjorde nettopp det i oktober 1997 i Acapulcoområdet og over 200 menneske mista livet. Når ein orkan nærmar seg kan ein få frålandsvind i staden for den vanlege sjøbrisen, og ein kan få svært høge temperaturar i dei elles svale kystområda. Det kjem sjeldan regn på den sørlege kysten før juni eller etter september. Dei indre områda frå Balsasdalen til Oaxaca kan få høge temperaturar sjølv på vinterstid.

Vest[endre | endre wikiteksten]

Cabo San Lucas på Baja California.

Halvøya Baja California skapar skarpe vêrskille i vestlege delar av landet. Den grunne Californiabukta kan bli svært varm om sommaren, med ein havoverflatetemperatur opp mot 32 °C. Den kalde havstraumen i Stillehavet gjer at vatnet utanfor kysten av Baja sjeldan kjem over 20 °C. Skilnadane mellom badetemperaturane på kvar side av halvøya er altså svært store. Begge områda er forholdsvis kjølige og tørre om vinteren, og om sommaren har bukta det svært varmt og ganske fuktig, medan Stillehavskysten har behagelege temperaturar. Midt på sommaren er det mest regn på austsida av bukta, frå Mazatlan til Hermosillo, medan den vestlege sida får det meste av dei små regnmengdene på vinteren. Enkelte år kan ein orkan kome inn i Californiabukta, men dei gjer sjeldan stor skade bortsett frå på fiskeflåten. Det kjølige vatnet utanfor Baja gjer at dette området så godt som aldri vert råka av orkanar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Climate, Mexico». Britannica. Henta 10. november 2015.