Klima i Midtausten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Midtausten inndelt etter Köppen si klimaklassifisering.
Store delar av Midtausten er ørkenområde, slik som her i Saudi-Arabia.

Midtausten er eit område der store vêrregime møter kvarandre. Kalde høgtrykk frå Sibir banar seg veg sørover mot Midtausten, som kan ha overraskande kaldt vêr i indre område om vinteren. Enkelte av fjella i Iran har snø året rundt. Frå Middelhavet kan lågtrykk sende fuktige luftmassar innover fjellområda i Israel og Libanon, og tørkar opp før dei når dei store ørkenområdaDen arabiske halvøya. Enkelte av desse lågtrykka kan derimot bli forsterka igjen når dei kjem ut i Persiabukta, noko som kan føre til korte episodar med regn i låglandet og snø i høgda. Når desse lågtrykka varer ved lenge, kan dei normalt tørre ørkenane og dalane få flaum.

Klår himmel og brennheit varme dominerer det meste av Midtausten om sommaren, men støv og dis fører ofte til dårleg sikt. Torevêr oppstår vanlegvis berre i dei sørlege områda av Den arabiske halvøya. Dei fleste områda under dei høgaste fjelltoppane får temperaturar over 30 °C om ettermiddagen og mange stader får òg godt over 40 °C. Dei største klimaskilnadane på tvers av Midtausten er fukta. Dei indre ørkenområda er knusktørre, medan kyststrøka rundt Raudehavet og Persiabukta kan få svært høg luftfukt. Dette gjer at desse kystområda er eit meir ynda feriemål om vinteren når fukta er lågare, og varmen ikkje så intens.

Vår og haust har ein eigentleg ikkje i store delar av Midtausten. Klimaet i Midtausten skiftar berre mellom vinter og sommar, på liknande måte som for monsunklimaet i det austlege naboområdet. Overgangen mellom desse to årstidene tar vanlegvis berre to til tre veker. Vanlegvis skjer overgangen frå sommar til vinter midt på hausten eller seint på sommaren, men når overgangen skjer kan variere frå år til år. Sidan klimaet er eit gjennomsnitt over mange år, vert denne overgangsperioden dradd ut over ein lenger periode enn den faktisk er, om ein berre ser på dei klimatiske dataa. I april-mai går vinteren over til sommar igjen, og denne tida er den beste tida om ein vil sjå Middelhavslanda på sitt grønaste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]