Klima i Sør-Amerika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elv i regnskogen Amazonas.

Klimaet i Sør-Amerika er prega av store kontrastar, og ein finn både eit av dei våtaste og eit av dei tørraste områda på Jorda. I motsetnad til verdsdelar som Asia og Nord-Amerika, har ikkje Sør-Amerika dei store klimatiske variasjonane gjennom året. Sjølv om Sør-Amerika har «sør» i namnet, ligg ein god del av kontinentet på nordlege halvkule, og det kjegleforma landområdet er på sitt breiaste like sør for ekvator. Her finn ein den store Amazonasdalen, som går meir enn 2400 km frå kjeldene i vest til Atlanterhavet i aust. Dette er kanskje det mest frodige landskapet i verda, og her trivst regnskogen og det økologiske mangfaldet i eit klima med mykje regn og temperaturar som stort sett berre held seg mellom 20 °C og 30 °C både året og døgeret gjennom. Det er òg ganske så fuktig i dei nordlege områda av Sør-Amerika, om ein ser bort i frå den tørre kysten langs Det karibiske havet.

Atacamaørkenen, ein av dei tørraste stadane på jorda.

Om Amazonasjungelen er hjarte av Sør-Amerika, så er ryggraden den lange fjellkjeda som går langs så godt som heile Stillehavskysten i vest. Andesfjella er eigentleg fleire parallelle fjellrekkjer der mange av fjelltoppane går over 4000 m frå vestlege område av Colombia til sentrale område av Chile. Andesfjella gjer at kjølig luft frå Stillehavet samlar seg opp langs dei vestlege fjellsidene, medan områda aust for fjellrekkja har tropiske forhold med mykje varme og fukt. Den vestlege kysten har store klimakontrastar, og medan Stillehavskysten av Colombia får mykje regn, kjem det nesten ikkje regn i det heile tatt lenger sør langs kysten av Peru. Dette mønsteret kan derimot snu seg under El Niño-episodar, då havvatnet utanfor Peru kan bli så mykje som 6 °C varmare enn normalt. Peru kan då få store nedbørsmengder, medan dei vanlegvis våte områda lenger nord får tørke. Under ein La Niña vert det derimot enno tørrare enn normalt i Peru, medan områda i nord får meir nedbør enn vanleg.

Dei sørlege områda av Sør-Amerika vert smalar jo lenger sør ein kjem, og dette gjer at kulden ikkje klarar å byggje seg opp på same måte som over dei store landmassane på nordlege halvkule, som Canada og Sibir. I staden for fører dei vestlege vindane over havet med seg fuktig og kjølig luft. Lågtrykk i dette området kan dumpe store mengder regn og snø på dei vestlege sidene av dei sørlege Andesfjella. På den andre sida finn ein det tørre og solrike pampasområdet i Argentina, og lenger sør det aude og kjølige Patagonia.