Hopp til innhald

Klimapolitikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Klimapolitikk viser til aktivitetar og tiltak tatt i forhold til den globale oppvarminga.

Klimapolitikk er relevant som ei erkjenning av at menneskelege utslepp av drivhusgassar er årsak til ei generell oppvarming av atmosfæra. Ofte blir oppvarminga kalla drivhuseffekten.

I den internasjonal klimapolitikken er det lagt stor innsats i å forhandlingar om forpliktande avtalar mellom statar. Eitt av verkemidla er handel med CO2-kvotar. Det viktigaste vitskaplege grunnlaget for internasjonal klimapolitikk er rapportane frå FN sitt klimapanel.

På nasjonalt plan har klimapolitikken for det meste handla om korleis dei internasjonale måla om reduksjon av karbondioksid (CO2)- og KFK-utslepp kan oppnåast.

Eit sentralt tema her er erstatning av fossilt brensel i industri, transport og hushald med fornybare energikjelder og energiøkonomisering (ENØK). I mindre grad er fjerning av CO2 og ei betre forvaltning av karbonressursar i form av petroleum og skog sett i samanheng med klimapolitikk.

Det finst fleire haldningar i klimapolitikken. Den mest utbreidde haldninga i Europa er at utsleppa av drivhusgassar, framfor alt karbondioksid, bør reduserast for å unngå ei for sterk oppvarming av klimaet på jorda.

Enkelte land sine regjeringar – og enkelte politiske grupperingar i mange land – går derimot inn for ein passiv klimapolitikk, dvs. at dei ikkje vil sette i verk nokon klimapolitiske tiltak. Dette gjeld i første rekkje USA, med støtte spesielt frå Saudi-Arabia og Australia.

Ifølgje klimaforskarane sine berekningar inneber ein manglende klimapolitikk at øydeleggingar og tap av menneskeliv som følgje av meir ustabilitet i veret og stigande havnivå vil auke dramatisk i løpet av dei nærmaste tiåra.

Kjelde: Bokmålswikipediaen, art. med same namnet.