Klinaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klina (Клина)
elv
Land Kosovo Kosovo
Kjelde Fjellet Suva Planina sør for Gazivode i Kosovo
Munning Kvite Drin, nær Klina
Lengd 62 km km
Nedslagsfelt 393 km² km²
Wikimedia Commons: Klina (river)

Klina (serbisk Клина; albansk Klina) er ei elv i Kosovo, ei 62 km lang sideelv til Kvite Drin frå venstre. Ho renn berre innanfor sjølve Kosovo.

Klina spring ut på søraustsida av Suva Planina, sør for den kunstige innsjøen Gazivode i elva Ibar. Mellom landsbyane Tušilje og Ovčarevo tar Klina imot den største sideelva si, Move. Langs den nedre delen av elva går ein del av den transbalkanske jernbanen mellom Pristina og Peć. Elva renn inn i byen Klina og like etter munnar ho ut i Kvite Drin.

Elva har eit stort potensiale for produksjon av vasskraft, men dette er ikkje utbygd. Klina høyrer til nedslagsfeltet til Adriahavet og har sjølv eit nedslagsfelt på 393 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]